Jakob Sverdrup Volle (1899-1968) høyrer til dei som kjenner mange, og som mange kjenner, ikkje berre fordi han har hatt sin arbeidsdag i MRF frå selskapet vart starta i 1920 og har fare alle ruter i vårt vidgreinte fylke, men òg fordi han har eit eige lag å kome på talefot med folk i alle aldrar og yrke. Attåt har han vore samvitsfull og pliktoppfyllande i sitt arbeid som få. Volle slutta arbeidet i 1953 etter oppnådd pensjonsalder. Heime på Vartdal har han ein liten gard som pensjonisten fekk mykje betre stunder til å ta seg av enn skipsoffiseren. Dei siste åra har han såleis vore gardbrukar, og så ihuga gjekk han inn for å drive garden at det varde ikkje lenge før Sunnmøre Meieri gav han diplom for godt fjøsstell. I 1958 hadde han dei beste kyrne i fjøskontrollaget, med Gulldraum som den høgstytande. I 1960 stod fjøset tomt, men grøftegraving og rotriving hadde han enno trott med – jamvel om helsa ikkje lenger var så sterk. Jakob hadde ein tohjular-traktor av merket BMB, ein farkost som bygdetunga kalla Purlen. Kontakten med fylkesselskapet er ikkje heil broten. Eit par somrar har han fått friska opp sitt gamle yrke som ferievikar, og dei siste to åra har han vore ein påpasseleg ekspeditør. Merkesakene må ikkje gløymast. Målsak, fråhaldssak og alt kristeleg arbeid er Volle varmt interessert i. Han har i fleire år vore formann i Nordre Vartdal fråhaldslag.

I unge år for Volle til Eidsvåg ved Bergen og tok arbeid på tekstilfabrikken der. Der møtte han Ragnhild Knutsen som vart kona hans. Dei vart foreldre til fire born: Johannes, Randi, Odd og Borgny [Vartdal]. Etter nokre år i Ørstavik, flytta familien til Vollegarden i Nørevartdal. Ein ettermiddag i august 1968, syklande på veg heim frå Posten på Hammaren, brådøydde han i Sjøstranda sør for Pegarden. Det hende straks før bussen med ungdomsskuleelevane kom på heimtur. Eit rykte skal ha oppstått om at Jakob var påkøyrd, eit rykte Sigmund Sætre kunne avkrefte ettersom Jakob akkurat hadde passert Sigmund, som gjekk i same retning, då han kolva av sykkelen. (Sunnmørsposten o.a.)