– Eitt e’ no i all fall sikkert, seier Johan J. Flø, og ser ut som ein viking, at folket på disse kanta he’ bygt landet med arbeid og slit ok ikkje med sosiale trygder. –
Vi er komne inn i ein krins av gamlekarar, midt oppi fiskeprat og versnakk. Og då er ikkje vegen lang attende til otringtida og drivande sigling ut og norda i Lesten og til og frå Hammarsøyinje – –
– Dei gamle otringane var siglara, gutt, å du hendelse! seier Johan att, og det lyser i dei små augo hans under dei digre buskne augnebrunene. Hadde han hatt hjelm, kunne ein gladleg trudd han var ein av desse som beit i skjolden når det bar til strid.
– Vi har alltid høyrt at dei var heller snare å segle rundt? vågar vi.
– Dei, nei. Nei, det var gutar som låg på vatna!
Og så har han ei soge som viser litt av kvart: – Vi kom frå felta ein mørk kveld på otringen vår, og han friskna på med vinden så pass at styremannen ga ordre om å rive. Då synte det seg at seglet hadde sett seg fast. Mørke natta var det, så ein såg ikkje nokon ting. Men vi visste omtrent kva som var åt. Og det var ikkje mykje å gjere. Vi vart samde om at det berre var to ting som kunne kome på tale. Det eine var å legge riggen. Men då kunne ein vere viss på å reke nord i falla, og då visste ein korleis det gjekk. Det andre var å gå til vers.
– Var det høgt, då?
– Otringsmastra vår var vel 8-9 meter, tenkjer eg. Vi valde det siste. Og eg tok jobben på meg. Eg kledde av meg støvlar og kle, så eg tilslutt sto der berre i underklea. Så tok eg ein tamp i kjeften og klatra til vers.
– Og du greidde det?
– Jau, då eg kom opp, såg eg snart kva det var som vanta, og det var ikkje så mykje i å få det retta. Men det var fælt kor dei ropa, dei som nede var – om eg var der, eller ikkje –
– Var de nøydde til å minke seglet den gongen?
– Du kan skjøne det, han var så sterk at vi hadde no ikkje noko valg. Men det gjekk no.
– Var det kritisk fleire gonger?
– Ein gong til må eg nemne: Vi var komen ut og norda i Lesten, og skulle krysse oss utatt i vår eiga fiskemark. Og stygge med sjønå var han, både stor og knapp. Eg sto med fokka. Og brått fekk vi ein sjø som gav oss ei bordrive frå mastra og fleire fot attetter. Blå sjøen fossa inn. Eg formeleg såg kor sjøen voks oppetter støvlane. I ein bråblenk forsto eg kva som var å gjere. Eg ropte attetter og ba han gå over stag – – Og styrmannen var så snar å lyde ordre, at han greidde å vende ’nå. Då var bordriva så pass langt oppe at han tok inn sjøen berre ender og gong. Men hadde vi ikkje fått vendt så snøgt den gongen, så – – –
– – Då hadde det ikkje blitt «prat på Hjørungavaag» denne dagen, tenkte vi.
Grim. (=Ivar Grimstad) i Sunnmørsposten 3. februar 1953.