Folk frå fortida – Ragnhild G. Sætre

Ragnhild G. Sætre (1833-1925) var den fjerde i rekka av åtte sysken i Guttormegarden Myklebust. Foreldra Guttorm Pålsson og Ingeborg Olsdotter var begge frå Myklebust. Ragnhild kava med å verte konfirmert. Ho vart undervist av soknepresten i tre år, fyrst ved konfirmasjonen i Hareids-kyrkja seint i november 1851 fekk ho prestehanda over seg. Det er fortalt at den våren, 1863, ho flytta frå Myklebust ned i Gullike-garden, såg ho ein lurvete gråbein luskande fram bergsida ova i Årset. Kanskje var det siste gråbeinen dei observerte i Årsetdalen. Meir enn jakt, var det nok pest som knekte ulvestamma på Sunnmøre. Bryllaupet 5. juli 1863 må ha vorte feira i Guttormegarden, slik brukvisa tilsa. Far til Ragnhild stod seg elles godt i pengevegen. Åra fram til 1877 kom seks born til verda i Gullikegarden. Eldstemann Johannes tok i si tid over farsgarden, medan broren Paul fekk overta Rishaugen, ein part av Gullikegarden fremst på Sætre. To av dei tre døtrene fekk også heimar i Vartdal; Ingeborg i Villikegarden Nørevartdal og Gurine i Berngarden Årset. Randi(ne) hamna på Mo i Ørsta, yngstemann Ole dreiv saftpresseri i Bergen. Seinhaustes 1882 døydde ektemaken Rasmus frå ein barneflokk mellom 5 og 18 år i alder. Sidan levde Ragnhild i enkjestand i over 40 år. Bortsett frå større ansvar for hus og heim, vart kvardagen hennar neppe mykje endra. For ei gardkone bestod dagane på den tid av ulike og ofte gjevne gjeremål, frå tidleg morgon til ut i seine kveldinga. Stort anna enn årstidene skipla rytma i menneskelivet.

I dag, 7. juli 2025, skal det vere 100 år sidan Ragnhild døydde. Iallfall i fylgje dødsannonsen i Søndmørsposten av 8. juli 1925. I kyrkjebøkene for Vartdalsstranda sokn er dødsdatoen ført til 8. juli. Underskrivne festar her meir lit på Sumpen enn på kyrkja sin representantar, då kyrkjebøkene gjerne vart ført i etterhand og ikkje alltid er hundreprosent å lite på. Sonesonen Johannes P. Sætre vart i 2002 lagt i grava hennar Ragnhild på Vartdal kyrkjegard. Ragnhild var oldemor til mellom andre Gunvor Larsen, Marna Knoff, Elna Moe, Oddny Brattheim og underskrivne.