So langt attende som noko er skrive eller eldre folk har fortalt, har silda kome inn under Svinøya og fylgt botnen inn mot Skorpa, innover Leidadjupet, langs Flesa, Klovholmane, inn mot Hissneset. Likeeins langs nordsida av Sandsøy. Ofte tok ho seg ein tur inn på Gursken, der dei tok henne med garn eller nøter. Men fisket i eldre tider var berre med garn, som var sette til botnen.
Silda var noko årviss, men var ho koma inn frå botnen for å gyta, og det vart uver og storebåre, var ho ofte snar, so det vart heller lite for fiskarane.
Sume år stansa silda ute i havet, utanfor Svinøy, for å gyte der. Desse åra vart det ingen ting korkje for fiskarane eller andre. Silda var rekna for god og billeg mat før i tida. Hadde kje ein huslyd fleire mål sild til hushaldet, var dei matlause. Noko hadde dei salta, men det meste var hengd til turrsild, og på kvar ein gard var det turrsildtroer under takrafta.
*
Eg har nokre notat om fisket for vel 100 år sidan: I 1843 var her godt torskefiske, 3-4000 på båt, men inga sild. 1844: Ein uvanleg kald vinter, og folk fraus i hel på Lofothavet. Godt torskefiske. Men inga sild. 1845: Kaldt, godt ver, 3000 torsk på båt, men inga sild, 1846: Dårleg ver, ein mildversvinter med storm og storbåre. 800 torsk på båt, men inga sild. 1847: Godt ver heile fiskja, 3 til 4000 torsk på båt, og mykje vårsild. 1848: Dårleg ver. Lite torsk her, men storfiske i Lofoten. Silda kom inn sørafor Skorpa, men det stygge veret gjorde det slutt i ei fart. 1849: Storm og storbåre. Det vart 2-3000 torsk på båt, men inga sild.
1850: Mykje sild ved Stadlandet, båtane var tungt lasta av sild. Vinden ut Vanylvsgapet var so sterk at sume av dei som prøvde å sigla over djupet mot Haugsholmen, enten siglde seg full og omkom, eller laut snu. Dei fleste la seg til utanfor Revjehornet. Men ut på natta gjekk vinden om til nordvest, og folk laut sleppe båt og last, og koma seg opp i land, der dei kravla seg inn mot Borgund, i mulm og myrke. Denne uversnatta og minna om alle som fann døden, er endå på tale hjå folket her.
1851: Tok til med godt sildefiske sør for Skorpa, men uver og storbåre tok fisket bort. Dette år var det svært dårleg torskefiske. 1853: Svært godt sildefiske sør om Stad. Silda kom og dette året inn sør for Skorpa, og det var godt fiske. Men det var mindre med torsk. I 1854 var det godt sildefiske. Silda kom inn langs Sandsøya, Gjerdsvik, ja, like inn til Larsnes. Men dette året var det særs lite torsk. 1855 tok til med godt sildefiske ut for Godøya, men det vart so stygt ver at det vart slutt, og det var ikkje meir sild det året. Bra med torsk, 1800 på båt.
1856 kom silda inn sør for Skorpa, og det vart fiska godt ved Klovholmane og ved Hissneset. Seinare storfiske sør for Kvamsøya. Det var og godt torskefiske, frå Svinøy og innover mot Skorja[sic]. 1857 var det heilt svart for sild. Her låg ei mengd med kjøpefarty, som ikkje fekk ei sild. I mars vart storm og storbåre, so både sildegarn og torskegarn kom i velte, og for nord langs kysten. Det vart kring 1300 torsk på båt. I 1858 var det og bra med sild, men storm og storbåre heile fiskja gjorde at det vart lite av både sild og torsk.
1859 var det godt om både torsk og sild. Silda vart fiska sør for Skorpa. Men so vart det verbyte, og folk mista mykje vegn, og fisket tok slutt, det vart berre 600 torsk på båt. 1860: Godt torskefiske sør for Skorpa, kring 3000 på båt. Det var og bra sildefiske. Den 30. februar[sic] kom det bort 120 mann sør ved Kinn.
1861 var det godt sildefiske mellom Svinøy og Sandsøy. Men etter ei vekes uver og storbåre flytta silda innom land, og det vart fiska godt ved Kvamsøy og Haugsholmen. Men likaste fisket vart opp på sjølve Sandshamn der dei fiska mellom båtane og skutene. Når fiskarane låg og tina, og hengde garna utfor ripa, so kom silda og gjekk i garna. Han som skriv om dette seier: «I denne uge, 11-15. Mars, haver Gud glædet mange fattiges hjerter. Idet Silden, tog ind på Sandø nordre havn i sådan stor mengde, at alle deltagere haver fået mange penge. Vi på vår båd fik 170 Sp.daler, og 4000 stk. sild hjem. Det haver været stormende vær, og vind. Man fiskede også megen Torsk tætt under land, både med garn og snøre. O Gus ske takk evindelig, for sine gaver alle sammen.»
1862: Godt torskefiske. Frå 18 feb. vert[? ]sildefiske sør for Skorpa, ved Klovholmane og Hidsboden, seinare sør for Kvamsøya og Haugsholmen, der det var stengd 3 store landsteng. 1863: Godt torskefiske, 2200 på båt. Bra sildefiske sør for Skorpa i 4 dagar. Men då vart veret so fælt med storm og storbåre so det vart kje meir sild det året. 1864: Svært godt torskefiske. Godt sildefiske sør for Skorpa, og inn til Flåvær og Gjerdsvik, seinare og ved Haugsholmen. 1865: Storfiske av sild sør for Skorpa ved Klovholmane, ved Sandsøy og Gursken, mange landsteng. Men det var mindre med torsk, 1900 stk på båt. 1866: Godt torskefiske, 400 stk. på båt. Det var og godt sildefiske nokre dagar, men storbåre og storm gjorde slutt på fisket. 1867: Godt torskefiske sør for Skorpa. Frå 16. februar og utover godt sildefiske ved Sandsøy og Klovholmane, seinare og ved Gjerdsvik og Gursken. Ja, det var so rikt fiske at dei laut slutte, for det fanst ikkje tynner eller salt meir.
1868 var det ein fæl hardversvinter, som tok bort mykje både av sild og fisk. I mars var det fiska ein del sild ved Dollstein og Haugsholmen. Denne vinteren fanst kje sild frå Stavanger til Stad. Her var kome mange tusen fiskarar hit til Sunnmøre, men dei fleste måtte reisa heim med lite eller inkje. 1869: Svært godt torskefiske nokre dagar vest av Skorpa, ved Haugsholmen og Stad. Den 26. februar var det so fælt ver at 30 storbåtar vart knuste opp i fjøra rundt på Sunnmøre.
1870: Godt torskefiske frå Svinøya og inn under Skorpa, 2700 på båt. Det var og sild ved Skorpa, men etter 14 dagars uver var ho borte. 1871 var det storfiske av sild ved Haugsholmen og Stad, men mindre av torsk, 1200 på båt. 1872: Godt ver og storfiske av sild ved Klovholmane, Sandsøy, Gjerdsvik og sidan i Gursken. Det var og bra med torsk, 2700 på båt. I 1873 var det og rikt sildefiske, men so kom det uver og storbåre og tok alt bort.
*
Denne sildeperioda, frå 1860 til 1875, var ei stor tid her på Sandshamn. Det var dårleg fiske sørafor. Difor kom ei mengd fiskarar hit for å fiske sild. Her var åpne båtar heilt frå Flekkefjord og Egersund. Det var vanskeleg med hus åt fiskarane i dei små bondestovene. Det var å taka halm inn på stovegolvet, og laga flatseng. Mange breidde seg under seglet, fraus og leid vondt. Han som eigde og rådde i Sandshamn, Olai Olsen frå Rotset i Volda, bygde då ei stor brakke til fleire hundre mann. Dertil stort kokehus med rom til alle kokkane. Han bygde og sjukehus, med badstove. Her var elles eit veldig liv med fiskarar frå alle kantar og lasteskuter som salta sild. Olai Olsen bygde fleire sjøbuder, og andre hus, dreiv stor handel på alt, til og med brennevin. Men frå 1874 minka det bort med sildefiske. Olsen gjekk fallitt, og reiste herifrå. Her vart i denne tida bygd og innreidd mange fiskestovor, som fiskarane budde i. På desse stovor var det rom til 40 og 50 båtlag.
I 1880-90-åra stasjonerte her mykje fiskarar frå Sogn og Sunnfjord, ja heilt frå Bergenskanten. Desse åra vart kalla Strileåra. Her i Sande var då godt torskefiske. Og strilane brukte finare tråd i garna sine. Dei hadde og djupare garn og brukte glaskuler. Medan fiskarane her brukte selje- og einekavl endå. Difor var fiskarane sørafrå flinke fiskarar.
Men denne torskeperioda tok til å minke vekk, og ei ny sildetid kom att i 1895 til 1900. Desse åra kom stor, feit sild under land i slutten av august. Det var då åt og var vanleg å drive etter sild. Pioneren Britanus Berntsen kom soleis inn til Haugsholmen med 73 tynner salta sild den 1. sept. 1897. Silda kom inn gjennom Sandsfjorden og inn mot Brandal og Rovdefjorden, like inn Vanylvsgapet og inn på Vanylven. Veret var serleg godt, men kaldt. Alt folk var i arbeid. Det vart drive på alle slags båtar. Kor liten færing det var, so var dei ute og dreiv med nokre få garn. På kvar den vik og våg låg det kjøpefarty som salta sild. Eit syn var det å sjå alle lanterner og ljos frå Flåvær og innover mot Larsnes og Brandal, og frå Haugsfjorden og utover Eltvika. Og endå var ljosa berre simple fjøslykter og lanterner, den gongen. Frå 1899 og utover tok drivgarnsfisket til ute på frie havet.
Or Sunnmørsposten, laurdag 24. januar 1953.