Meny Lukk

Folk frå fortida – Sofie Vartdal (1886-1960)

Sofie var fødd i Pegarden Myklebust, framme i Årsetdalen. Ho var den tredje i rekka av dei åtte borna til Madsi og Peder. Hausten 1913 vart ho gift med Knut Vartdal og med det byrja eit livslangt samliv som skulle vare i over 45 år. Sofie kom såleis til å få heimen sin nede ved sjøen på Vartdal, der Knut overtok halve farsjorda og bygde nye, vakre hus. Her gjorde ho si gode gjerning for mannen og borna. I åra frå 1917 til 1929 vart ho mor til Johannes/Johs, Margrete, Per, Marta og Per. Den fyrste Per døydde 8 veker gammal. Dei to gutane som voks opp vart verande vartdalingar all sin dag, medan Margrete [Sætre] hamna i Sandvika i Ørsta og Marta [Nordang] enda opp i Borgund.

Som kone til Knut Vartdal, som dei siste 25 år han levde for det meste var vekke på reiser, var det ho som mykje måtte styre heime, men ho var levande interessert i og oppteken av mannen sitt arbeid. Det er rett å seie at ho med han på kvinneleg vis var med og gav sitt bidrag til mannen sitt livsverk. I ein alder oppunder 70 år var ho med han på ei reise over havet til Vest-Grønland, der dei såg på tilhøva for dei norske torskefiskeria.

Sofie var mykje interessert i alt kristeleg og kulturelt arbeid, og ho gav alt byggjande arbeid sin personelge og økonomiske støtte. I Årsetdalen kvinneforeining var ho i mange år formann og nestformann og endåtil siste åra, då ho var mykje sjuk, ville ho gjerne vere på møta ho so trufast hadde gått på gjennom eit langt liv. Sofie var ei mild og god kvinne, ho hadde eit vake sinn for dei finaste lyriske stemningar i naturen og ho kunne i lange stunder fordjupe seg i undring over det vakre ho der fann. Ho kom såleis til å kjenne seg bunden til heimbygda med med sterke band. Det var alltid hugnad å møte henne – for ho hadde eit godt og humoristisk ord til alle og mange var det som søkte hennar hjelp og fekk det. (Smp 3. september 1960)

Sofie P. Myklebust i 1907. Foto: Eckroll Stamsvig.