Meny Lukk

1935. Av Bjarne P. Sætre

Klargjering på «Osnes» før jul, men silda kom ikkje før i januar 1935. Første silda fekk vi vest for Svinøya, lasta opp første natta. Johan Helgesen frå Utsira var bas, mannskapet det same. Det blei eit bra vintersildfiske. Storsildfisket var frå Stad sør til Korsfjorden. Vårsildfisket i Haugesund-området. Vi låg helst blant dei beste båtane, hadde ein god tur med ca 17.000 hektoliter. No hadde vi fått Sildelaget, so prisane var meir stabile.

Sildefisket slutta vi i mars og gjorde klart til torskefiske på Island. Frå Færøyane til Island vart det mykje motstamp. Brukta start for Vestmannaøyane. Fisket var svært bra. Fisken var bra stor, men den var mager. Det kom vel av at det var for mykje av den. Seinare flytte vi vestover til Jøkulen. Vi kom heim i mai. Turen var brukbar.

Neste torsketur vart til Nord-Island. Vi låg mykje på Strandagrunnen, Skagen og Grimsøy. Vi kom heim til jonsok. Turen var brukbar. Prisen var 30 øre kiloen.

Det vart å gå på torsken til Island ein tredje gong, då prisen på saltsild var lav. Vi tok lite agn med, for vi rekna med rikeleg på Island. Vi starta å fiske for Seydisfjord og Langenes. Fisket var labert. Forsøkte seinare Grimsøy og Skagen. Førsøkte so Strandagrunnen. Det året var det heilt svart for sild, so det var vanskeleg å få agn. For dei fleste sildebåtane vart det bomtur. Vi låg i Siglufjord før vi reiste heim. I sildetida salta dei vanlegvis mykje sild i Siglufjord, det kom jenter frå heile landet og deltok i saltinga. No måtte dei sende jentene heim på statens kostnad.

Det blei ingen stor tur for «Osnes», men det blei no litt. Vi kom heim i månadsskiftet august-september. Det vart so å gå heime til vinterfisket.