1934. Av Bjarne P. Sætre

Vintersildfisket i 1934 var eitt av dei dårlegaste på mange år. Det var ein stormvinter, og silda kom ikkje inn so vi nådde i den. Fleire båtar hadde ikkje sild på dekk. Sigurd Strand var bas på «Havmann», som fekk 400 hektoliter. «Osnes» hadde nesten ikkje sild på dekk.

Det året vart det gått tidleg til Island etter torsken. Magnus Vartdal var skipper på «Havmann». Alf, bror min, var bestmann. Brukte fyrst for Vestmannaøyane. Bra med fisk, men mykje storm, so vi blei hindra i fisket. Seinare flytte vi lenger vest, og var inn til Hafnafjord for bunkring. Før vi fór heim brukte vi for Vestmannøyane. Då kom vi burt i brotfiske, fisk på kvar ongel. Vi hadde ein brukbar tur. Fiskeprisane var stigande. Det kom vel av at Hitler var begynt å ruste opp.

Neste tur gjekk til Nord-Island. Fisket gjekk føre seg for Grimsøy, Skagen og Strandagrunnen. Noko storfiske var det ikkje, men det var godt ver, so det var brukta som måtte gjere det. Vi hadde ein nokolunde brukbar tur. Kom heim i slutten av juni. Vaktene om bord var 8-12, 12-16, 16-20. Om natta sekstimarsvakter: 20-02 og 02-08. Maskinfolka og stuerten hadde desse vaktene. For mannskapet vart vaktene brekka etter behov.

Navigasjon. Skipperen tok breiddegraden ved hjelp av sekstanten, lengda rekna han ut etter lokaltid og Greenwich-tid. Ikkje alle båtar hadde kronometer, so GM kunne vere so som so i nøyaktigheit. Men vi hadde tidssignal frå Utvarp Islands, so vi var godt orienterte. Ved overseilingane var kompasen og klokka viktigaste hjelpemidla. Alt vart heilt forandra då vi fekk radio om bord.

Eg slutta på «Havmann» og begynte som bestmann på «Osnes» på islandstur. Båten kom til Vartdal verksted, eg kom om bord om kvelden, vi skulle til Angvik og hente tønner. Mi første navigasjonsvakt varte frå Vartdal til midt nord på Hustadvika. Eg ante ikkje då at eg skulle få so mykje med Osnes å gjere, resten av mitt liv. Eg var ein av dei yngste om bord, 22 år.

Det var svært kjekke og staute karar om bord. Andreas Dimmen var skipper, ein flink og støvendes grei kar. Eg har mykje å takke Dimmen for god lærdom i yngre år. Mange av mannskapet var frå Ulsteinvik. Fem var frå Nordland. Sverre Dahl frå Volda var maskinist, Martin Sekkesæter stuert. Ved ankomst Island begynte vi fisket for Langenes. Det var å levere guano. Seinare vart det lenger vest. Grimsøyflaket var ofte ein god sildeplass. Vi tok samfiske med «Havmann» og «Kirkholmen», sende «Kirkholmen» til Göteborg med ein last på 900 tønner saltsild. Då «Kirkholmen» kom tilbake, hjelpte vi til å få last i den. Silda vi fiska på gjekk på åte. Nøtene var soleis grunne, berre 30 famner. Lengda var omlag 170-180 famner. Vi bøtte og skifte ut bolkar etter behov.

To notbåtar med seks mann i kvar vart nytta til å ro ut nota, og til å turke den opp. I kvar båt var det tre årepar. Notrullen kom tidleg i trettiåra. Hans O. Vindenes utvikla den, og snart var den om bord i alle notbåtar. Tidlegare hadde det vore eit slit å turke opp nota. Om bord i notbåtane til «Havmann» kom det notrull i 1934. Den som var bas eller den som var ledar for kastinga, stod bak i ein av notbåtane og dirigerte kastinga. Det kan hende eg følte på, som ein av dei yngste, å stå der som ledar. Det var enkelte i notbåtane som ville legge seg vel mykje i det som galdt før kasting. Eg måtte be dei halde stilt, og passe kvar sitt. Vi var stort sett heldige å få sild. Vi kom heim først i september. Luten var ca. 450 kroner. Bestmannen hadde 50 kr månaden i tillegg. Seinare vart det 70 kr. I trettiåra dreide luten seg på rundt kr 1800 på dei største båtane som dreiv heile året. Med det låg vi over dei med timeløn på land.

Etter heimkost var det å gå på verksted. Det var ein del å ordne. Mangt hadde vorte forsømt siste åra. Martin Sekkesæter, Arthur Dimmen og maskinfolka var saman med meg. Betalinga var 50 øre timen.