Meny Lukk

1933. Av Bjarne P. Sætre

Etter eg kom heim frå tenesta i marinen, hausten 1932, var eg om bord i «Havmann» og pussa. Alf, bror min, var saman med meg. Båten låg i Buholmsundet i Ålesund og fekk forlengd galgedekket. «Havmann» hadde vore på torskefiske på Island. Prisen på saltfisk var då 16 øre kiloet, so det vart lite av det. Dårleg pris på silda førte til at det vart ingen sildetur til Island.

I desember 1932 gjorde vi klart for storsildfiske, gjekk til Florø før jul. Vart liggande der med jul. Der låg fullt av snurparar, men det var storm i dagevis. Vi hadde det bra, vart godt mottekne av folket i Florø. Der var julefestar og diverse anna underhaldning.

Sildefisket begynte nyttårsaftan, ved inngangen til 1933. Vi var då i Mangerfjorden. Men det var kasting frå Sognesjøen i sør til Hjelmen i nord. Om kvelden kom nordvest storm, då var mange ille ute. Det vart tap både av båtar og nøter. Vi var heldige, vi hadde ikkje ute not då stormen kom.

Det vart eit normalt fiske, både med storsild og vårsild. Vi hadde mykje sild på vårsilda, tatt på lys. Strand var ein flink bas. Eg var båtstyrar til han, so eg vart sett inn i enkelte hemmelege teikn som han brukte i klasen. Eg hugsar ikkje fangstkvantum eller lut, men vi var av toppane i fangst.

I mars 1933 reiste «Havmann» på torskefiske til Island. Magnus Vartdal var skipper. Alv, bror min, var bestmann. Elles var vi same mannskapet. Vi kom i godt fiske på feltet vest av Vestmannaøyane. Dreiv der i ca 3 veker, seinare for Reykjanes og Grimsøy. Der var mykje trålarar, dei var stygge til å reise med mykje line for oss.

Først i mai kom vi heim til litt betre pris enn året før, 23 øre kiloet. Snart vart å ruste ut for ny tur, det vart Nord-Island. Vi brukte ved Grimsøy. Seinare for Skagen kom vi burt i godt fiske. Vi måtte til Siglufjord og få meir salt. Kom heim til jonsok.

Sildetur til Island, avgang i slutten av juni. Med same vi kom burt, var det å fiske til guano. Vi leverte i Akureyri. Det var bra med sild, vi var stadig i træden. Vi salta 300 tønner og sende dei heim med ein norsk båt. So var det å fiske i tønner, so vi fekk last heim. Kom heim først i september. Det vart ein brukbar tur.

Hausten 1932 gjekk eg navigasjonsskule i Ålesund. Var heime 14 dagar før skulen begynte. På Vartdal var dei i full sving med å bygge elektrisitetsverk. Svært mykje vart gjort som pliktarbeid. Det var fint haustver, so eg tok meg ei veke og arbeidde på verket. Vi var tre mann som fór opp på Skaret for å grave grøft der muren for inntaket skulle vere. Ole H. Vartdal og Laurits Vartdal var saman med meg. Vi gjekk opp morgonane og ned att kveldane, heile veka. Det er interessant å minnast. Laurits var då over 60 år. Han hadde i sine dagar reist på seilskute. Seinare var han nokre år i Amerika. Då han kom heim, var han med å kosta den første «Ramoen», Han hadde mangt interessant å fortelje frå sitt liv. Skomakar-Ole hadde òg sine historier.

Eg begynte på navigasjonsskulen i slutten av september. Vi var 18 elevar, dei fleste i 20-årsalderen. Fem var mellom 30 og 40 år. Jostein Sandvik, som eg var saman med på «Havbryn», var òg elev. Seinare kom vi til å bli saman på mange båtar. Lærarane Sandset og Loe var flinke. På skulen gjekk det bra, alle elevane bestod eksamen. Vi avslutta med fest på Skandinavie.

Hausten 1933 vart «Osnes» kjøpt til Vartdal, det blei betalt 70.000 kroner for båten til Eidsvik i Ålesund. Eg og Alf kjøpte aksjar i båten med 2000 kr kvar. Andreas Dimmen var skipper. Svært mange frå Ulsteinvik var med «Osnes». Skipper og mannskap fortsette til komande sildefiske.