Langt oppe under fjellsida i Årsetdalen ligg ein liten plass dei kallar Kvien. Her vaks Bern opp. Stor og sterk var han, so han laut snart ut og tena, for i heimen var det berre fatigdom. Han var lenge på ein gild gard på Hareidland. Der var ei fager jente, og det gjekk so underleg til at den rike gjenta trulova seg med den fatige husmannsguten. Alt dette gjekk vel og bra til foreldra fekk njosn om det. Men då fekk han reisepass på dagen. Han måtte berre ikkje innbilla seg at dei sette dotter si ut på ein skarve husmannsplass. Etter den tids tarv var ein gard den einaste fullnøgjande livberging. – Men guten heldt på gjenta og gjenta likeeins på guten. Bern kjende seg stor og sterk, ein gard skulde han snart eiga! Reiste so ut i verda og tok alt arbeid han kunde få, berre det var godt betalt. Han sleit, streva, sparde og grov saman. Møtast fekk dei so å segja ikkje, eller berre på dei løyndaste måtar. Han kunde liggja i åkerreina og sjå på at foreldra fylgde dottera på stabburet laurdagskveldane, låsa henne inn og taka lykelen med seg. Når so alt var stilt og roleg, gjekk han fram, banka på døra, og ho fekk døra opp frå innsida. – Ei fin-fin låsgreide tykte dei.
Endeleg hadde han pengar nok og kjøpte ein av gardane på Store-Mork i Volda av ein gamal barnlaus mann, Bent. No skulde gjenta verta hans, foreldra vilde gjeva seg, det var ikkje å tvila på! Men no hadde dei fenge ein ny belar til dottera. Ein slags skrivartenar eller kontorist med korkhatt og stiv krage som stod oppmed øyrene. Dette var svære greider for ei bondegjente. Sjølv nekta ho å ta mot slik grumheit, men Bern fekk det svar at han endå ikkje hadde ikkje nok for eit slikt gifte.
Bern gav seg ikkje. Ved sida av den garden han hadde kjøpt låg ein annan like stor gard der ein gamal barnlaus mann budde. Det var Ole Olsen Mork. Bern fekk handslag på garden til ein pris av 280 RD, og drog endå ein gong ut i verda for å tena pengar. Ei tid tok det, men han sleit og sparde. Når dei andre gjekk til ein god middag, hev han fortalt, tok han sjølv havrebrød, braut det i syreblende og åt soppe av dette slag. – Den stakkars gjenta fekk vel og ei tid. Ho streid og trudde. Ho skulde kjøpast dyrt og betalast kontant, skyna ho. Andre utvegar kunde ikkje tenkjast, var det likt til. Den ho helst vilde råka, såg ho mesta ikkje noko til. Den andre derimot var alle stader. I skog og mark so kom han der. Om natta banka han på døra. Det var då berre ein liten prat, kunde ho skyna. Det hjelpte ikkje at ho stengde døra, han hadde reservelykjel frå foreldra.
Endeleg var husmannsguten Bern Kvien eigar av tvo gilde bruk. Det stod no att berre å henta henne som hadde vore målet for alt hans strev. Då han kom so langt at han såg heimen hennar, såg han eit brudefylgje koma køyrande frå kyrkja og stemna inn på den garden han sjølv hadde tenkt seg. Han var lenge sitjande. – Det var inga hjelp i å gå lenger.
Tvo år etter bygsla han det fyrste bruket han hadde kjøpt til borren Per Kvien, det andre til Ola Flåskjer frå Vartdalsstranda. Sin svikne elsk la han no på skogen og skogplanting. Han vart aldri trøytt av å planta og vyrdsla denne. Han hadde eit framsyn i alt som gjekk langt over det vanlege. Råkande ordtam av honom levde millom folk lenge etter han var død. Ein gong kom han berande med ein tågje på ryggen, og sa han hadde fire dalar i honom. Det var fire furuplanter han hadde funne på heimebøen, og som han planta i Morkeåsen. Kvinna hadde han som venteleg fenge ei løk tru ti. Det var ein skapnad som ikkje let seg berga, brukte han å segja. Ho som på ein so ring måte hadde vorte truga til å ta ein annan, fekk det ikkje godt. Det vart den reine fatigdom. Dei visste ikkje kor dei skulde berga seg med den store barneflokken. Det hende han råka henne. Siste gongen var i eit bryllaup. Han gav henne då tjue dalar før dei skildest.
Han budde jamnast med bror sin, som hadde bygsla det fyrste bruket. Det andre hadde han selt. Han hadde bygt seg ei stove og stelte seg sjølv. Det var ingen vanske, då han kunde laga alt eit menneskje trong. Ein gong spann og vov han seg ei ullskjorte, og då han hadde klipt og sydd henne, vart det ikkje noko att til bøter. Han la då opp ny vev og vov seg bøter med same. Kvar laurdag koka han ei gryte med graut. Dette slo han i fat, so han skulde ha heile vika, og låste det ned i skatollet sitt. Av dette brukte han eit fat kvar dag. – Det skulde vera bra mykje ull på dei siste, men han trøysta seg med at eit menneskje skal eta eit pund hår før det kreperer.
På sine gamle dagar vart han kårmann til Rasmus Mork som kjøpte ein av gardane hans. Då Rasmus miste fyrste barnet sitt var han med og hjelpte honom å arbeida likkiste. Det høvde vel då å tala om det som var sorgsamt. Han fortalde då si tragiske livssoge, frå fyrst til sist, medan tårene rann på den gamle, store, sterke mannen.
Or Per Mork. «Morkabygd-soge», s. 71ff. (utan år)
Bernt Knutsson Kvia var fødd cirka 1792 og var den fjerde i rekka av dei fem borna til Knut Jonsson og Nille Rasmussdotter i Haugegarden i Kvia, før nemnde Per var den yngste. Knut var leiglending og ingen husmann, som Mork skriv. Vi har heller ikkje grunn å feste lit til påstanden om at folket i Kvia levde i fattigdom, anna enn den som råka dei aller fleste på våre kantar under napoleonskrigane. Vartdalsssoga I:562 fortel at Bernt «i sin ungdom hadde vore fyrpassar på Runde i fleire år». Åra 1829 og 1830 kjøpte Bernt både det eine og det andre bruket av matrikkelgarden Store-Mork i Volda. Namna på seljarane er korrekt. Og at broren Per Kvien bygsla det eine av desse Morka-bruka er også fakta. Truverdig er det òg at Bernt delte livssoga si med Rasmus Jakobsson Mork (1837-1930), ein mann med meir vit og forstand enn dei aller fleste samtidige voldingar. Hans fyrstefødde barn døydde i 1866. Folketeljinga i desember 1865 er Bernt manntalsførd til Liavåg. Her budde han på garden som tidlegare hadde vore handelsstaden Liavåg. Der levde han av sitt kår («Føderaadskarl») til han døydde i 1879.
Denne framstellinga har ein narrativ struktur påverka av romantisk litteratur. Det er den velkjende forteljinga om dei to som ikkje fekk kvarandre, kollisjonen mellom kjærleik og standsskilnad. Her er opplysningar som kan stadfeste det historiske i lagnaden til Bernt, så som gardkjøpa. På den andre sida er det mindre enn lite vi får sikkert å vite om dei hine personane i konflikten. Drag ved forteljinga tilslører meir enn ho openbere, så det er framleis ganske uklart kva det var ved personen Bernt som forma lagnaden hans.