Meny Lukk

Vartdalsmann fann 1000 kr

Det var ein mann i Vartdal som fann tusenkronesetelen. Mannen melde seg straks etter til firmaet i Ørsta då han hadde sett meldinga i avisa om at forretninga hadde selt eit par skinntøflar med 1000 kroner i. Mannen hadde fått tøflane som julegåve, og sjølvsagt skjøna han ingen ting då han fann den store pengesetelen i den eine tøfla. Det var ei eldre dame i Ørsta som eigde pengane, og ho vart sjølvsagt glad då ho fekk melding om at dei var komne til rette.

Sunnmørsposten, 7. januar 1965.