Meny Lukk

Folk frå fortida – Johannes S. Nørevartdal

Johannes S. Nørevartdal (1840-1929), Steina-Jo’ans, stod som nummer 1 då han vart konfirmert i Hareidskyrkja i oktober 1854. Same året vart Steinagarden boden fram til sal på ein auksjon i Ålesund. Johannes og faren var til stades på auksjonen, men fann prisen for dryg. I 1859 kjøpte Johannes Steinagarden av den nye eigaren for 600 spesiedalar, meir enn dobbelt så mykje som garden gjekk for under auksjonen. Johannes tok til å ro fiskje i 1856. I sine beste år var han ein flink fiskar, ei leidabok han laga seg er teken vare på. Han var i ungdomsåra med fleire styremenn. Dei siste åra før han fekk eigen båt var han med Åmund Nilsson Sætre, Sæss-Åmunde sa ein gong at Johannes var ein av dei gløggaste han hadde hatt med seg. Johannes vart styremann på ottring 22 år gammal, fyrste to åra for nokre karar på Ose i Ørsta. Deretter kosta han seg ottring ikring 1864. Vinteren 1879 var han ein av seks oppsynsmenn «For Furkenholmen (med Valkvæd), antat Baadantal 60)». Då laut han leige styremann til båten og mannskapet sitt. Styremann var han elles både på sunnmørsottring og, seinare, på møringsbåt.

Johannes var i si tid mellom dei leiande på Vartdalsstranda. I juni 1871 skreiv han søknad om å få arbeidd veg langs Vartdalsstranda, etter samtale med veginspektøren for distriktet. Åra 1873-74, då det for fyrste gong vart bygt offentleg veg mellom bygdene på Vartdalsstranda, var han «entrepenør» for vegstykket frå «Sævikgjerdet» i nord/aust til einkvan staden mellom Øydgarden og Merkingselva i sør/vest. Kor mange mann han hadde i arbeidslaget er uvisst. Hausten 1873 tok han initiativ til å skipe eit øyketrygdelag for Vartdal, formann dei fem fyrste åra og 1898-1902.

Då det var utskifting i 1870-åra, flytte han i 1877 ut or det gamle klyngjetunet og fekk då jorda si i ein teig kringom Nosa på motsett side av Storelva, dyrka jorda godt opp. Han var den fyrste i Vartdal som kjøpte markeplog og i 1896 slåmaskin. I 1915 vart han tildelt medalje og diplom frå landbruksselskapet for god gardsdrift.

Johannes kom med kvart med i det kommunale styr og stell. Han var medlem i Ulstein heradsstyre 1872-75, og 1886-89. I arbeidet for å få bygt kyrkje på Vartdal var han mellom dei fremste. Kyrkjeverje 1899-1907. Åra ikring 1890 ytte han meir i skatt til Ulstein kommune enn nokon annan på Vartdalsstranda. Midt på 1880-talet fekk han plass i forstandarskapet i Aalesunds Sparebank. Frå seinast januar 1887 til 1915 var han styremedlem i Aalesunds Landmandsbank, tapte ein god grand peng då banken gjekk over ende i 1923. Åra 1890-91 var han styremedlem i den nokso nyskipa Søndmørsfiskernes Selvhjelpsforening.

Johannes var ein opplyst mann [er skrive] og kunne gje saklege og gløgge innlegg i dei mange ordskifta både i fiskeværstovene, og i kommunale nemnder. Han far heldt hånå Steina-fa’bror høgt, fortalde Årsko’Ragnhild.