Meny Lukk

Folk frå fortida – Nils Vartdal

Nils Hansson Vartdal (1860-1915) var frå Knutegarden Sørevartdal. Han var odelsgut, men gjekk i staden skulevegen og vraka odelsretten. Etter å ha gjennomgått Voldens lærerskole 1874-76 las Nils privat eit år tysk og latin, kom så 1877 inn på Maribogadens skole i hovudstaden, der han tok middelskuleeksamen 1878 og så gjennomførde det 2-årige gymansium. Hausten 1881 fekk Nils karakteren Laudabilis præceteris ved studenteksamen på Universitetet, ein annan kar, Frithjof Nansen, fekk same karakter. Nils avla filologisk eksamen i gruppe I (gresk og latin) desember 1886, og i gruppe II (norsk og tysk) juni 1888. I heile si studietid var han lærar ved skular (Qvams skole, Otto Anderssens skole, Gundersens skole) og gav privatundervisning. 1888-96 lærar ved Gundersens skole, deretter medstyrar på same skulen til 1898. 1898-1901 medstyrar av St Hanshaugens skole. Frå 1901 lærar ved Kristiania 4-årige middelskole, ofte kalla borgarskulen. Hausten 1909 forfremja til overlærar. Representerte mellomskule-lærarane i skulestyret. Til ikring 1895 underviste han i gresk og latin, men måtte så gå over til andre fag. For å utdanne seg til tysklærar, var han tre gongar på stipendieferd til Tyskland. Han var en mand med solide kundskaper og med særdeles grundig indsigt i pædagogiske spørsmaal, hvorfor han var en skattet og avholdt skolemand.

Namnet hans hev ikkje kome i høgmæle, endå han var ein framifrå evnerik og kunnskapsrik kar. Me gjekk i lag på skular, der han alltid merkte seg ut med sitt stor næme. Attåt si evne til å samle kunnskap, åtte han og ein sers god givnad til å lære frå seg. Alt i si studenttid dreiv han etterliggjarar fram til studenteksamen. I vår høgare skule hev han fyllt romet sitt med æra, og derved havt hugnad av livet sitt. Og at han no døydde så ung, kom seg av at han på bondevis tok arbeidet for hardt, og låg i arbeidsselen seint og tidleg. Han hev alltid ått ei god helsa, og kom visst ikkje på, at arbeidet kunde knekkja han. Skreiv Anders Hovden i avisa Olsok av 23. juni 1915. Hovden var syskenbarn med Aslaug Vartdal, kona hans Nils. Ho var fødd Welle og dotter til ein ørsting utflytt til Oslo. Aslaug var frå 1886 lærarinne ved Møllergadens skole. Ho og Nils fekk ikkje born.