Meny Lukk

Gul’ke-Pål og «Nornen»

Paul R Sætre (1893-1967) var frå Gullikegarden på Sætre. Han dreiv fiske frå unge år. På sesjon kom det fram at han hadde mykje fartstid på båt, noko som førte til at han vart innkalla til militærteneste i sjøforsvaret. Det hadde ikkje skjedd nokon vartdaling på lang tid, ettersom Vartdal høyrde til landforsvaret og ungdomar herifrå var i militær teneste på Nordfjordeid. Året 1893 var Gul’ke-Pål i fire-og-ein halv månad mannskap om bord i korvetten «Nornen», eit farty bygt i 1855. Den 44 meter lange korvetten var krigsskip i berre få år. Frå 1865 til nettopp 1893 vart det brukt i opplæringa av kadettar, karar som skulle verte offiserar i det norske sjøforsvaret. Ein av dei som vart utdanna på kadettskipet «Nornen», viseadmiral Christian Sparre, skildrar korvetten slik: «Med sin usedvanlig høie rig og sitt slanke, lette skrog var denne en type paa et orlogsfartøi av den gamle skole, seilte som en brand og manøvrerte som en baat; vel at merke for seil. Som dampskib var den derimot ikke rar.» Det siste toktet som kadettskip sigla «Nornen» frå Horten 18. mai 1893, tre dagar etter eit mannskap (besetning, på militært) på 193 var samla på marinestasjonen. Turen gjekk til Vigo i Spania, der «Nornen» låg for anker 2.-8. juni. Derifrå fór dei til Mogador (i dag Essaouira) på den marokkanske atlanterhavskysten. Etter tre døgn i hamn, drog orlogsfartyet den 19. juni vidare til Santa Cruz på Tenerife, dit skipet kom den 23. Her vart «Nornen» liggjande i seks døgn. Den 26. juli, etter 27 døgn i sjøen, nådde kadettskipet Belfast nordaust på den irske øya. 1. august sette sjefen om bord, kaptein Horn, kurs mot heimlandet. «Nornen» kom til Kristiansand den 11. og låg der til den 15. Så barst det ut i Skagerrak, før ein låg i ro ved Mærdø 26.-31. august. Etter ei veke til sjøs låg «Nornen» for anker i Krogstadfjorden i åtte dagar. Den 15. september tøffa «Nornen» inn til Horten, der mannskapet vart dimittert den 28. i månaden. Gul’ke-Pål reiste heim, sikkert vel vitande om at han hadde sett stader han aldri meir skulle besøke. «Nornen» var sidan losjiskip, inntil det vart hogd i 1903.

Foto: Brødrene Larm, Bergen.