Folk frå fortida – Anne Marta Melbø

Anne Marta Melbø (1841-1925) var opphavleg frå Kvistad i Hjørundfjord. Ho gjekk i teneste hos andre i lang tid. I 1875 tente ho på eit av bruka under Giskeøydgarden på Giske. Godt mogleg var det der ho vart kjend med Edvard Melbø, det hende rett ofte at barstadvikarar deltok i vinterfiskja med ein båt heimehøyrande på ei av øyane i dagens Giske kommune. Edvard var 13 år yngre enn Anemarta, men kor som er, så vart dei i 1880 ektefolk. Anemarta vart mor til to søner, Elias og Knut. Elias bleiv vinteren 1902 då fiskebåten «Albatross» forliste ved Runde. Vinteren 1925 døydde Anemarta «i troen paa Frelseren», etter 45 år som gardkjerring og på kår.