Meny Lukk

Tre menn. II. (Om Lauritz S. Larsen)

Går du ein vinterdag på Brunholmkaia i Ålesund og ser på båtane som kjem inn frå havet søkklasta med feit, blank sild; ser på dampbåtane, selfangarskutene og motorbåtane utrigga til sildefiskje, er det noko du straks legg merke til, og det er eit jarnspel som står som ein rund stabbe på dekk. Det ser so uvandt ut og tykkjest stå berre i vegen, og du undrar deg på at dei vil ha dette skrammelet ståande der på dekk. Det er garnspelet seier fiskarane.

Kan hende du der på Brunholmkaia råkar til å sjå ein liten gammal mann og. Han går so lett og kjapt, vaggar ørlite som gamle sjøfolk gjer. Og so hev han skjegg som tek til å gråne. Det er elles ikkje noko sers med denne mannen slik med same; men han har eit par spelande gløgge auge. Og so smiler han kjent til alle fiskarane. Kvarenda ein kjenner dei Lauritz S. Larsen, og han kjenner dei.

Han er gammal skipper og fiskar. Fjortan år var han kanhende då han strauk til sjøss, såg mage land og prøvde vel mangt. Kom heim og tok so skippereksamen, og kom so midt upp i det nye storeggfisket og seinare storsildfisket, som Britanus Bertsen tok til med. Det var serleg båttypene Larsen hadde interesse for; betre fiskarbåtar var hans draum. Men den tid var det ikkje damp og motor; det var segla å lite på. Og skippar Larsen hadde det lag at han fekk skutene sine til å sigle. Han tok prisen når det bar til med kappsigling.

Men det var ikkje dette som kom til å gjere ’n Laurotz namngjeten. I hans beste tid vart heile fiskedrifta umlagd, frå små opne båtar til store farkostar, frå handsnøre og små garnsetningar til lange liner og heile garnlenkjer. Etterkvart vart det spursmål um kven som kunde drive med mest vegn, men det att vart eit spursmål um kraft, styrke til å dra vegna inn i båten.

Då var det Lauritz Larsen kom med si uppfinning, Han laga dampgarnspelet. I mange år hadde han arbeidt med tanken, lagt det tilside og teke det fram att. Gjeve det reint upp og slengt alt frå seg i vanmod. Men han fekk likevel ikkje fred; uppfinnarormen hadde gnege seg for djupt inn i bringen. Det måtte kunne lagast eit spel som løyste av handmakta til å dra dei tunge granlenkjene og dei svære kveitelinene. Og tilslutt hadde han det ferdig. Men det var ingen som trudde han eller vona seg noko av uppfinninga hans. Fantasi var det nok av før, meinte dei kloke. Han baud fram uppfinninga si til verkstad etter verkstad, vilde gjerne gi ho bort dersom dei berre vilde lage damplinespel til fiskarane. Men det var nei, tvert nei alle stader. Tilslutt var det likevel ein støypeverkseigar som våga seg til å lage nokre spel.

Men ingen reidar ville ha slikt skrammel inn på sitt skutedekk. Og det vart ein tiggargang frå reidar til reidar. Tilslutt var det eit par framtøke skippertar som lova å ta dampspelet umbord og prøve det på ein tur. Men var det ganglaust skulde det fjernast [utan] kostnad frå dei. Det var spanande dagar for uppfinnaren, som hadde våga all si eige på dette.

Men det gjekk godt. Dampspelet drog inn både liner og garn so det var ei lyst. Fiskarane hadde berre å ta imot, so tvinna denne jarnvalsen havsens rikdomar beint inn i hendene deira. Men mange tvila likevel. Kva i verdsens namn skulde ein ha folk umbord til når dei ikkje med sine hender kunde dra inn vegna? Skulde dampen gjere alt no kanskje og fiskarane berre vere storkarar og gå med nevane i lomma? Det var mest som ein spott mot Vårherre med alt dette nye.

Likevel kom reidar etter reidar til Larsen og tala frampå um, at dei gjerne skulde prøvt eit av desse nye spela hans. Og dei fekk det.

No blir det ikkje sendt eit dampskip, ikkje ein motorbåt til fiskje utan garnspelet står umbord, like so sikkert som styre på båten. Og dei kom frå alle land og vilde sjå dette spelet, prøve det, og dei kjøpte det. Jamvel den gule japaner kom og skoda på det med skeive auge. Han kjøpte heim med seg nokre spel, til prøve. Men no er det store fabrikkar i morgonsollandet som lagar slike spel. Dei hev ikkje noko samvitsgnag um dei hev teke ein norsk patent, japanarane. Heller ikkje englesmennene og tyskarane.

Damplinespelet hev gått sin sigersgang over verda, og uppfinninga var ein av dei store revolusjonane i fiskjedrifta. No kan dei setje i havet so lange garnlenkjer båten kan bere. Um der er 80–100 garn i lenkja og fullpakka med feit sild, dampspelet greier halinga berre garnkabelen held, og um kveitelina er som ein endelaus orm bort gjenom havet med 60–80 kg fiskar på annankvar angel so må ho over ripa når dampspelet tek til å tvinna. Det var dette spelet som gjorde fisket til ei stordrift med utenkjande store vegnmengder og eventyrstore fangstar og rikdomar.

Men ingen skal sjå på Lauritz Larsen at han hev vore med på dette. Han hev ei stor sylvmedalje heime som «Selskapet til fiskeriernes fremme» gav honom, og so ein brote med diplom sjølvsagt, Men slikt får ingen sjå. Derimot kan kven som vil vere med på verkstaden, sjå dei mange surrande hjul, og den siste forbetring av damplinespelet.

Ung-Norig nr 5, mai 1921.

Lauritz S Larsen (1858-1939) var son til Lars Rasmusson Blindheim frå Vigra og Synneve Sevaldsdotter Grimstad frå Borgund. Foreldra budde på Vattøya i Ulstein då Lauritz vart fødd. I 1865 budde mor Synneve i Steinvågen i Ålesund med fem born, far Lars var død. Ved folketeljinga 1875 var Lauritz sjømann, siste adresse Liverpool. I 1883 gifta han seg med byjenta Pernille Bottolfsdotter Nord (1863-1955). Dei vart foreldre til to jenter og ein gut som døydde i sitt 22. år. Eldstejenta Helga Rudi (1885-1955) budde med si familie i Ålesund. L.S. Larsen, som han oftast skreiv seg, var frå 1890-åra ein pådrivar i utviklinga av fiskeria. I 1896 fekk han, frå nemnde selskap til fremje av fiskeria, stønad til å få bygt fire fangstbåtar til torskefisket, lettare enn dei som då var i allmenn bruk frå dampskipa. Det var i året 1903 han fekk gjennomslag for garnspelet sitt. Ettersom han var samnemnd med andre bykarar, vart han til dagleg omtala som Spel-Larsen.