Meny Lukk

Vågdal og Norderval og kvinnelege prestar. Av Ragnhild Aarskog

Eg har ein gong før skrive i avisa om dette emnet, og det var vel kan hende best å la det vere med det. Men då eg las Vågdal sitt åtak på Norderval, vart det for stridt å teie.

Eg var ein av dei mange som høyrde preika i radio, og har sidan lese den i avisa, men ikkje med min beste vilje kan eg skyne Berge og Vågdal og deira ukjærlege åtak på Norderval. Å døme denne preika som «dolkestikk og Guds-spotting», det har ingen rett til, bygd som ho var på Guds eigne ord. At Vågdal vil syne for all verda kva slags tankar han sjølv sit med, får vere han sak. Men det gjev han ingen rett til å legge dei i munnen på Norderval.

Til Vågdal og andre som slår fast «at mannen – og han åleine – har Guds ords rett til å vere prest», og at vi som meiner noko anna er liberale, vil eg berre seie: Ta og les oppatt Johs. evang. kap. 4, der det står om Jesus og den samaritanske kvinna. Det står at læresveinane undra seg over at Han tala med ei kvinne, men sjå kor Han kunne bruke denne kvinna til å forkynne om Messias. Les vers 39 og 42. Ved sin tale fekk ho føre mange av samaritanane til Jesus, og til tru på Han. Og er det ikkje nett det som er målet for all rett forkynning, anten forkynnaren har tittel av prest eller prost, eller noko anna? Trur De verkeleg at Jesus ikkje like godt i dag, kan kalle og bruke ei kvinne som prest, dersom han ser at det gagnar si sak? Sjølv om «læresveinane» undrar seg no òg? Det er vel ikkje på slump at Jesus i same kapittel tala om åkrane som «gulnar mot hausten». Skulle det ikkje vere viktigare at grøda vart berga, enn å strida om kven som er verdig å gjere det?

Eg kjenner ikkje alle gamle dogme som kyrkja ned gjennom tidene har lært som det eine rette. Kyrkja har skuld i mangt eit kjettarbål, og til forfylgjing av alt nytt liv som har ovra seg i kyrkjelydane. Men når kyrkja har gjeve oss bibelen på morsmålet, og bede oss lese i den, då vil vi òg ha lov å tru det Jesus så klårt seier oss i evangeliet, utan å verte skulda for å vere liberale. Hans ord held vi for større autoritet enn både misjonssekretær og prost.

Til slutt, herr Vågdal, kvar står det så klårt i Guds ord at ei kvinne ikkje kan vere prest? Kan vi ikkje få vite det? Vi er mange som aldri har funne det der.

Sunnmørposten, 25. april 1961

*Ludvig Vågdal (1893-1979) var frå Gildeskål i Nordland. Han var sokneprest i Borgund.

*Monrad Norderval (1902-1976) var sokneprest 1935-48 i Ørsta prestegjeld og Vartdal sokn, biskop 1962-72 i Nord-Hålogaland.