19. oktober 1882 møttest «Baad- og Skøitefiskere» på rådhuset i Ålesund, for å diskutere spørsmålet om forbod mot ankring på «Fiskehavet». Møtet kom i stand etter initiativ frå styret i handelsforeininga. Til grunn for møtet låg eit skriv frå amtmannen. Hans mål var nok å regulere fiskeria på sunnmørshavet, og slik hindre konfliktar mellom ulike driftsmåtar/fartygrupper. 8 skøytefiskarar og 20 båtfiskarar, nokre av «Stedets Handlende», fut Rønnow og politimeister Berner var til stades.
Ingen av båtfiskarane, det vil her seie fiskarar som dreiv frå møringar, ottringar og kanskje seksringar, tala for totalforbod mot ankring på fiskefeltet. Til dømes var Knut Godø bestemt imot forbod. Og Andreas Godø meinte det ville gå godt om alle ville samle seg om «Kalsboen» som ankerplass, især under storm og sterk straum. Bernt Giske meinte ankring i fiskja var skadeleg, så for å verne reiskap i ei overgangstid måtte retten til ankring avgrensast. L Alnes fann det «umuligt at drive Baadfisket, hvis Ankring skal tilstedes overalt». Når båtfiskarane måtte sigle «4 Mil» dagleg, burde utfarten til feltet vere overkomeleg for dei maskindrivne skøytene. Ein O Mork meinte skøytene hadde valda skadar for tusenar. Skøytene «burde anvises de ydre og Baaterne de indre Banker, ynskte han.
Skøyteskipper Johnsen var mot anker-forbod. Han kunne ikkje «skjønne at Ankring om Dagen var skadelig»: Kollegaen Nils Fiskerstrand «fandt det nødvendigt at fiske om Natten, naar Veiret tillader det.» Han hevda at snørebåtane gjorde like stor skade med sine dreggar, som det skøytefiskarane valda. Noko båtfiskar Bernt Giske gav han rett i.
Skipper Johnsen kom med framlegg om ei grenselinje Sula i Lesten og Skorpa i Skaret. På vegner av båtfiskararne gjorde Bernt Giske framlegg om Ramoen i Lesten.
Også båtfiskar Johan Godø og skøyteskipper Olaus Hole tok del i ordskiftet.
Kjelde:
Aalesunds Blad, fredag 27. oktober 1882
Nils Larsson Fiskerstrand (1847-1905) var frå småbruket Styrkåplassen på Fiskarstranda i Sula. Han var gift 1882 med byjenta Marta Martinussdotter Slinning (1853-1940) og hadde minst sju born med henne. Dei budde 1891 i Nedre Strandgate og 1900 i Brunholmgata. Nils var skipper på fleire bankskøyter frå ca 1880. I 1887 førte han «Havfruen» og seinare «Anna». Med den siste kom han i september i 1898 til byen med 11 tonn kveite. I juni 1896 var han i Vadsø med «slup Tordenskjold» der han baud fram tre fiskekutterar til sal, kan hende på vegner av Aalesunds Spareban. Det gjaldt den 15 «Tons» store sluppen «Emil» og dei litt mindre skøytene «Godø» og Hilla». Ein har grunn til å tru åt Nils på morssida ætta frå Nilsgarden Romestrand, frå ein Villik Jørgensson, unemnd i Vartdalssoga.