Meny Lukk

SYTTANDE MAI 2025

Til lukke med dagen og gled dokke over fridomen.

Vårvinteren 1940 var vartdalingane ganske så ukjende med kva krig er, dei hadde aldri opplevd det sjølve. Oldemora mi i Steinagarden på nesten 90 hadde levd eit strevsamt liv, javel, men det hadde herska fred i landet alle hennar dagar. Ja, ikkje ein gong foreldra hennar, som for lenge sidan var døde, hadde levd i krig. Men om bygdefolket var fri for eigne krigsopplevingar, så forstod dei kva krig fører med seg, like så godt som vi gjer.

Oldemorami, og han Leiv her, levde på ein fredeleg plett i verda. Endå om ein går fleire hundre år tilbake, fanst det knapt faktiske minne om krig nær dei heimlege dørstokkane. Vi veit ikkje om noko mannaliv har gått tapt i krig på strekninga Festøya-Flåvik, ikkje eitt einaste.

Berre ein og annan gongen kom verkelege krigshandlingar til syne. Tippoldefaren hans Åsmund på Masdal, han var fødd 1799, kunne hugse frå då han var smågut under napoleonskrigane at dei engelske krigsskipa låg ute i Breisundet og skaut med kanonar mot Brandal.

På 1700-talet kom ein og annan vartdaling heim etter utrivelege år i krig mot svenske kongar. Som til dømes han Reme-Ola, den fjerne forfaderen hans Runar som låg borte ved svenskegrensa og kriga i samfulle ti år. For ikkje å snakke om han Handalause-Jo på Barstad som kom heim med avskotne hender.

Nokre få var kan hende kjent med dei herjingane røvarbanda han Mads Dalekarl stod for på Sunnmøre, i månader under den nordiske sjuårskrigen, før han Mads ein vårdag i 1564 vart slegen i hel inne på Follestad.

Mange av dei mest populære framstellingane av krig, ser ut til å handle om heltar. Men lat dokke no ikkje forføre: Krig handlar i utgangspunktet om å øydelegge og utslette, om å legge i grus hus og heim, og om å frårøve kvar og ein det vi som enkeltmenneske held for sant og godt.

Han Leiv her var ingen helt. Han var eit offer. Eit offer for ei valdsmakt som søkte å gjere frie menneske til lydige undersåttar, til reiskap for eit undertrykkande rov-rike. I staden for individ som ville seg sjølv og andre det beste i livet.

Vi menneske er berarar av mange slags eigenskapar. Veike og sterke, ynkelege og storsinna. Ynskje om hemn for urett, faktisk eller innbilt, er eitt slikt drag i menneskesinnet. Dårskap er eitt anna. Når dårskap og hemnlyst sameinar seg, kan det verste hende.

Eg nemner ikkje namn, dokke kjenner dei frå historia og dokke ser dei i ulike media, dag inn og dag ut. Desse, ofte pompøse, karane, stortenkte og hemngjerrige råskinn, som knapt skyr noko middel for å styrke sitt personlege velde.

No i denne tida med dårar og røvarar i maktfulle posisjonar, er det opp til kvar av oss om å vere orienterte om det som går til i den store verda, og å handle utifrå dei beste eigenskapar i oss sjølve og i våre samfunn. Eg og du må vere kloke, avdekke lygner, spreie innsikt, kjære om vennskap og pleie tillit i fellesskapet. Det skal vere vårt heimevern om ein fridom som ikkje er gjeven for all framtid.

(Appell ved bautaen over Leiv A. Vartdal (1918-1940) i Nilsgarden på Nøre-Vartdal)