Meny Lukk

Folk frå fortida – Hans H. Masdal

Hans Hansson Masdal (1892-1969) var yngst i ein syskenflokk på fem i Hansgarden. Likevel vart den han som med tida tok over farsgarden. I 1910 var han gardsarbeidar heime og «Fisker». Før 1920 var han med i eit partlag som kjøpte fiskebåten «Fram» (M-7-VD), ut på 1920-talet selde Hans parten sin til Laurits Aarskog. Kring 1920 bygde Hans og broren Petter eit kraftverk i Masdal-elva, «verket gav berre lys i husa» til dei to gardsbruka synst på Masdal. Kraftverket låg 150 meter ovanfor dagens europaveg. Sommaren 1940 knuste storflaumen verket, men då hadde dei to gardane fått lagt inn straum frå Risaskar-verket. I 1924 kjøpte Hans og brørne Petter og Mads to revepar av Ola Erdal og etablerte H. Masdal sølvrevegard. Dette innleia ein lang periode med pelsdyrhald i Hansgarden, ein periode som ikkje tok slutt før sonen Helge la ned drifta kring 1990. Hans styrte frå 1950 Masdal brevhus til brevhuset vart lagt ned i 1968. Så seint som i 1969 var Hansgarden vallokale for Bukta krins. Hans gifte seg i 1917 med Johanne Ivarsdotter Sulesund frå bortom fjorden. Fem born kom til verda i Hansgarden i deira brukartid: Marta [Strømme], Ivar, Magnhild, Helge og Hjørdis [Kobberstad].

Hans H Masdal i lag med kona Johanne og dei tre eldste borna.