Ingeborg Nedrelid (1894-1972) var frå Festøy, syster til Nils Festøy. 16 år gammal tente ho den eldre broren Ole Festø og familien hans som budde i Kirkegata 19 i Ålesund. Eit tiår seinare arbeidde ho på heimegarden i Festøya, då Ole Nedrelid frå Hareid fridde til henne. I desember 1920 vart dei ektefolk og utover på 1920-talet foreldre til to gutar og ei jente. Ingeborg og Ole busette seg på farsgarden hans og gjekk inn i drifta av bruket. Men dei var begge midt i 50-åra før Ole fekk skøyte på bruket.

Ingeborg Festøy i 1916. Kjelde: Fylkesfotoarkivet i Møre og R.