Meny Lukk

Folk frå fortida – Kolbein Rot

Kolbein Andreasson Rot (1846-1927) var frå Buset, frå det bruket som seinare vart heitande Johansgarden. Vinteren 1864 tente han i Goksøyra i Herøy, på nært hald opplevde han den store brannen då det meste av Runde-garden vart lagt i oske. To vintrar seinare var han «Tjenestekarl» i Toregarden Nørevartdal, som den gongen låg i den nordaustre delen av klyngjetunet. I 1872 kjøpte Kolbein Nedste-Rot på auksjon for 450 spesiedalar. Bruket omfatta på 1800-talet mange åkrelappar. Med på gardkjøpet fekk Kolbein kårplikter for fire menneske, det må ha vore ei tung bør. Då Kolbein kom til gards stod det ein tom bås i fjøset – Tussebåsen. Båsen laga han om til kalvebås. Dei gamle på garden meinte han kom til å få lita glede av det. Men kalven i båsen treivst godt. På Sætrehammaren, som ligg oppe i fjellrøra mellom Rot og Rotnes, brukte dei å mjølke kyrne både morgon og kveld. I 1873 gifta Kolbein seg med ørstakvinna Karine Larssdotter Lianes. Dei neste tjue åra vart ho og Kolbein foreldre til åtte born. Fire av desse vart verande vartdalingar, to hamna i ytre Hjørundfjord, ei av jentene fór til Ulstein og ei til Ørsta.