Meny Lukk

Torsdag, den 10. mai 1945

I dag er det Kristi Himmelfartsdag, fint ver men litt vind.

Mange flagg hev no stade på stengene sidan måndag. Eg trur knapt at dei hev vore nede. Heimefronten hev overteke kommandoen i Aalesund og elles alle stader i landet, og mykje nasistar er arrestert.

Knut Flåskjer som var arrestert er heimkomen. Han vart arrestert 20. april. Sverre Flåskjer som rømde same dag er ogso komen til rette.

Knut Vartdal som no er ordførar pånytt og fleire andre var i Barstadvika i gårkveld og henta papira med Festøy-Bern, med lastebilen til Peder Sætre.

I går kveld var det fridomsfest på «Varden» i N. Vartdal. Mannskoret song. Valborg Vartdal las ein prolog ho hadde dikta og Odd Volle las upp. Andreas Aarskog tala og til slutt gjekk alle i tog til grava til Nils-Leiv. Ras. Ødegård og Andr. Aarskog gjekk fyre og bar kvar sitt flagg.

Mannskoret song der ogso og der var nedlagt ein krans frå folket i N.Vartdal.

Seinare var me framme på «Varden» og høyrde radio.

Det byrja regne um kvelden so eg fekk ei heil bløyte før eg kom meg søratt.

Mykje folk gjeng framleis umkring i ein slags festrus og elles er me i spaning kor tilhøva framover vil verte.

Ola Mo preika i kyrkja i dag og Barstadvik mannskor song.