Frå nyår 1925 var Mons Bortne (1899-1995) i 44 år styrar for Vartdal Handelslag. Nordfjordingen Mons kom frå den veglause grenda Bortnane i Rugsund. Fram til 1933 heldt handelslaget til i kjellaren i huset på Mispa, eit hus bygt i bytet mellom Sætre og Sørevartdal, og som no i 2025 vart gjort om til «pinneved». I denne perioden før 1933 heldt også telefonen til i handelslaget. År 1933 vart det bygt eige hus for Vartdal Handelslag ved den komande riksvegen (no E39), der familien Bortne fekk heim i toppetasjen. Mons var i tillegg dampskips-ekspeditør i 33 år. Morgonane i 1930-åra måtte han dagleg vere på plass nede på kaia, for i halv-sjutida kom mjølkebåten. Eit par timar seinare skulle rutebåten frå Ørsta og Volda ekspederast. Sist 1930-åra byrja ferja gå i rute, sommarstida kom ho i middagstida. Særleg i tida på Mispa var det eit slit å få varene i hus frå kaia. Mons «var jamt å sjå med ein femti- eller hundrekilos-sekk på ryggen». Fyrst etter andre verdskrigen vart det faste opningstider på handelslaget. Før den tid kom folk når det passa dei. Ein julekveld i gamlebutikken kom Mons ikkje opp til julematen før i ni-tida; ein telefon måtte igjennom. I 1966 fekk Mons medalje frå Norges Vel for lang og tru teneste.
Mons var gift med Martine f. Leirgulen. Åra frå 1923 til 1942 vart dei foreldre til Erling, Asbjørn, Magne, Jarle, Audun, Bodil [Vinje] og attpåklatten Ingvald. Mons og Martine flytta i 1970 til Ålesund, der fleire av borna hadde busett seg.