Ja no er krigen endeleg slutt.
I går etter middag var eg til Barstadvik til forsyningsnemnda, og då eg fór derifrå so byrja det gå rykte om at det var slutt, men ingen visste det sikkert. Heller ikkje på Masdal visste dei noko avgjort, men då eg kom syklande til N. Vartdal såg eg at Jo-Iver hadde sett opp flagg nedanfor husa og ein heil folkeflokk var samla og nok skulde høyre radio med han. Eg skjøna då at no var det endeleg heilt sikkert og ikkje noko rykte lenger.
Sæsnils-Hans og fleire heldt på og reise ei ny flaggstong då eg kom dit.
Ei stund etter ringde dei med kyrkjeklokka og dei hadde visst ringt før ogso.
Ellers flagga dei alle stader, nede på høgaste Buda-Hammaren ogso.
Folk var ute og gjekk etter vegane i høgtidsklæde og dei som hadde radio kom dragande med dei. Sume var diverre øydelagde, men sume i orden og monge stader var husa fulle av folk som skulde høyre.
Ingvald Årset kom nedover um kvelden og so fylgde eg og Olav ein tur nedover vegen. Nede i Myrane var det ogso uthengt flagg her og der langs med vegen. Me råka ymse folk som hadde vore stad og lytta radio, mellom andre Karl H. Sætre og Haue-Johannes. Me fylgde då nord til Haue-Bjarne og høyrde radio der. Klokka var då umlag 12 – 1.
Då eg kom framatt i ½ 2 tida var eg ein tur inn på ”Soltjeld”.
Der hadde mykje ungdom gått inn og dansen var i full sving med sjau og ståk og alkohol. (ein forresten tvilsam måte å høgtide freden på). Der kom ein flokk gutar ogso frå N. Vartdal. Kva tid det var slutt der veit eg ikkje, men det var sikkert langt på natta.
I dag [9. mai] hev eg nett vore i posten med brev og etter middag skal eg til Nøre Vartdal. Flagga stend uppe på ”Soltjeld” og alle stader i dag som i går. Veret er ogso fint som i går, litt skya og i dag litt solskin, men det blæs framleis ein kald vind frå nord.
Sume gjeng i besteklæde. Ole Vartdal hev visst stengt skofabrikken i dag, men far og Rolv og Olav er ute og set poteter.
I dag høyrer eg at krigsskip skal ha gått inn Oslofjorden og Trondheimsfjorden.
Diverre so segjest det at den norske handelsfloten skal vere med i krigen mot Japan og sume er redd for at Russland skal byrje krig mot Vestmaktene. Diverre er eg ogso redd for at det framleis er myrke tider me gjeng imøte og me veit ikkje kor det nye Noreg vert endå, so det er ei spennande tid me gjeng i møte.
Men kor som er, so er alle glad for at krigen er slutt, og på ein sopass fredeleg måte for oss.
Kjelde: Sigmund Sætre (dagboksnotat)