Jon Kristensson Barstad (1838-1921) var frå Ingridgarden Barstad. Hausten 1854 vart han konfirmert i dåverande Borgund kyrkje. Presten gav han karakteren god. Jon var då i teneste hos systera Anne og svogeren Johan, som hadde teke over eit av bruka under matrikkelgarden Olsvik. Fire år seinare fekk Jon skøyte på farsgarden Ingridgarden, etter at den eldre broren Hans hadde flytta til Bergen der han var skomakar. I 1862 vart Ingrid-Jo vigd i Hareids-kyrkja til Stine Simonsdotter Volle. Ho var 13 år eldre enn han. Stine skal ha sett til verda to born som begge døydde små. I fyrste bandet av Vartdalssoga er det nemnt at han Jo i 1864 skal ha vore på veg til å delta i den dansk-tyske krigen, men ikkje komen lenger enn til Trondheim då det vart fredssemje mellom dei krigførande. «Jon tala ofte om Trondheimsferda og kven han var saman med der.» Om det er hald i desse opplysningane, så er det smått utruleg. For kva grunn skulle ein vestnorsk bonde ha, sjølveigar til og med, til å melde seg til teneste i ein krig langt hundevilt frå heimstaden. Norske styresmakter heldt seg utanfor striden, så at Jon var «utkommandert» kan ikkje vere rett. I 1865 budde det barnlause ekteparet i Ingridgarden, ei 35 år gammal taus tente dei. Ti år seinare hadde paret ein tenestekar frå Røysa i Sula og ei tenestesjente frå Skjåstad i Hjørundfjord. Husa i Ingridgarden var i mellomtida flytta til nye tyfter ved dagens bygdeveg gjennom Barstad. I 1878 skøytte Jon frå seg garden til ein forfader åt dagens Ingrid-folk. Sjølv budde han som kårmann i garden i heile 43 år. På side 668 i andre bandet av Vartdalssoga er eit fotografi av Ingrid-Jo.