Meny Lukk

Folk frå fortida – Stine frå Vollå

Stine Simonsdotter Barstad var ei av desse kvinnene som ettertida har tapt minne om. Ho vart fødd for 200 år sidan, 5. mai 1825, som den yngste av fem systrer i Larsgarden Volle. Opplysninga om fødselsdato har ein frå den kyrkjeboka som i 1833 førte inn vitale persondata om ganske mange av dei som då levde i Ulstein prestegjeld. Brannen 1832 i prestegarden i Dimnasund slukte mellom anna alle kyrkjebøkene. Det må vere far eller mor til Stine som opplyste soknepresten om når ho vart fødd. Ein veit inkje om Stine før ho i 1862 vart vigd til Jon Kristensson Barstad i Ingridgarden. Han var då ein ugift sjølveigar-bonde, 13 år yngre enn Stine. Korfor han som 24-åring gifte seg med Stina, kan ein ikkje anna enn spekulere. Det er lite truleg bygda rekna henne for å vere eit godt gifte. «Tradisjonen seier at dei fekk 2 born, som døydde medan dei var små», seier Vartdalssoga I. Lagnaden ordna det slik at Stine døydde på 57-årsdagen. Fire dagar seinare vart ho gravlagd, heilt sikkert nær kyrkjeveggen, ettersom det i 1882 ikkje var ordna med kyrkjegard.