Meny Lukk

Folk frå fortida – Paul R. Sætre

Paul R. Sætre (1873-1967) var frå Gul’kegarden. Han rodde den fyrste torskefiskja på open ottring (truleg møring) det året han fylte 15. 17 år gamal tok han rom på storskøyte, og dreiv fiske heile året. Etter sildefiske med drivgarn og avslutta torskefiske, fylgde storskøyte på Storegga om sumrane. Seinhaustes dreiv han makrellfiske ut for Utsira og Jæren på storskøyta «Delphin». Det var ein god skule for ungguten. Skipperen var Knut Synes, seinare førar på redningsskøyte. Ein annan han hadde rom med i skøytetida, var Elias E. Hareide. Ein sumar var skøyta stasjonert på Shetland. Dei dreiv linefiske etter lange, brosme og kveite og var der om lag åleine. Der var både mykje og stor fisk. Då han skulle gjere militærteneste, synte det seg at han hadde vore mykje påmønstra etter den tid å døme. Han kom difor til orlogs som den fyrste frå Vartdal. Etter å ha gjort verneplikta, vart han førar av ein båt frå Alnes. 24 år gammal kosta han eiga skøyte, «Vårulf», saman med den komande svogeren Karl J. Vartdal frå Pegarden Nørevartdal. Med den dreiv han fiske året rundt, og felta kunne vere skiftande – heilt frå sør om Stad til Aust-Finnmarka. Han var den fyrste frå Vartdal som dreiv og førte båt utanfor distriktet. I 1908 selde han «Vårulf» og kjøpte ein motorbåt «Sverre». Siste båten, også «Sverre», fekk han og to andre, Laurits K. Grønnevet og Martin Myklebust, nybygd i 1916, og selde han sumaren 1930 då han slutta sjøen.

Paul var gift 1902 med Elina frå Steinagarden Nørevartdal. Fyrste året etter dei gifte seg, dreiv dei Syvergarden (=halve Pegarden) på Sætre. I 1903 fekk Paul skøyte på eit utmarkstykke av farsgarden, på Rishaugen fremst på Sætre. Det var drygt 30 mål – og med berre lyngrabbar og dike. Stove bygde han same året, året etter bygde to brør frå Bøen på Myklebust løe på småbruket. Begge bygningane står der den dag i dag. Risa-Pål og kona vart foreldre til sju born: Rolv, Ragna, Johannes, Petra, Sigmund, Jenny, Olav.