Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Johannes Lynge

Johannes Ingebrigtsson Lynge (1855-1942) var frå Hansgarden/Kollane. År 1874 tok han eksamen ved lærarskule i Volda. Dei neste fire åra skulte han i Dimna og på Flø i Ulstein. På Flø heldt han fram som lærar til 1922. I tillegg underviste han 1878-86 i skulen på Hatløya og 1878-94 på Vattøya. Perioden 1894-1902 var han lærar på Skeide, jamsides Flø. Omframt gjerninga i skulestovene, var Johannes varaformann 1886-90 i Vestre Sunnmøre Branntrygdelag, og frå 1892 leiar av sjømannsmisjonen lokalt. På valtinget 1894 i Molde var både han og broren Fredrik Lynge valmenn frå Ulstein prestegjeld. Begge støtta dei Høgre og Moderate Venstre. Dei røysta likt og i same rekkefylgje: Martinus Syltevik, Ingebrigt K. Riise, Iver Kjærvik, Ole Thorvik og Jakob Løvø. Ingen av desse vart tingmenn, Venstre røska med seg alle fem mandata frå valkrinsen. Fire år seinare var begge Lynge-brørne varamenn til valtinget, striden med dei lokale Venstre-folka gjorde at dei då vart sitjande heime. Johannes Lynge var formann 1901-25 i Flø kristelege ungdomslag. Han var gift med Påline Knutsdotter Indreflø og vart gardbrukar på farsgarden hennar på Indreflø. Ho døydde allereie 1883, og Johannes gifte seg oppatt med Marta Olsd Ulstein. Han fekk ei dotter med Påline og sonen Sverre med Marta. Då Johannes slutta lærargjerninga sommaren 1922, tok sonen Sverre Lynge over lærarposten på Flø.