I eit skriv frå Hjørundfjords heradsstyre, som stod i Sunnmørsposten for ei tid sidan, kunde me lesa fylgjande: «Ruten blir ved anløp av Festøy og Barstadvik unødig forlenget».
Når ein les det, vil ein uvilkårleg stussa noko. Og ein fær hug å spyrja: Er det verkeleg so at anløp av Barstadvik og Festøy er unødig forlengjing av Hjørundfjordruta?
Er det soleis, so må det utan tvil vera slik at dei 330-340 ibuarar som me finn i Barstadvik, Festøy og Bukta, ikkje treng um noko samband med byen og bygdene umkring. Dette er so burt i veggjene at det trengst på ingen måte meir imøtegåing.
Barstadvik var ei av dei fyrste bygder som tok til å levera mjølk til R.P. Morks meieri. Fyrst ved leigde båtar, sidan ved hr. Mork sine båtar. Barstadvik hadde ved desse båtar dagleg samferdsel med byen; men folket i Barstadvik hadde ogso hug til å koma med i dei meir tidhøvelege samferdsrutor. Og våren 1909 måtte difor lærar og ordførar Olav Myklebust og underskrivne i eit styremøte med Søndmøre Dampskibselskab for personleg å setje fram våre krav. Forutan disp. Øfstie var apotekar Øwre og lensmann Riise med på møtet. Hr. Øfstie tok då Sunnmørs-kartet og mælte. Anløp av Barstadvik vilde, dersom båten skulde gå gjenom Vegsundet, seinka Hjørundfjordruta tre kvart time, og det vilde skada turistferdsla: Hr. Olav Myklebust svara då: «Det er ille at styret for Søndmøre Dampskibselskab alltid skal sjå på utlendingane og turistane sin serbate, medan krava frå sitt eige folk ser det ikkje.
Svaret sveid noko. Og frå den tid hadde Barstadvik anløp av Søndmørske sine båtar på Hjørundfjordruta like til 1921, då MFR overtok både Søndmørske og Meieriet sine båtar og dermed dei plikter som desse båtar hadde bunde seg til. I desse 12 år båten i Hjørundfjorduta anløpte Barstadvik, var det visst mot hjørundfjordingane sin gode vilje; men dei leidande menn hadde større høgsinn og meir toleranse.
Dei fyrste åra MFR upptok anløpa på Barstadvik var kommunikasjonane gode; men når ruta vart vend um Hjørungavåg og Hareid, og anløpa laurdagskveldane og måndag morgon vart inndregne, vart Barstadvik mishandla. At fiskarane våre og andre for å fara til og frå heimen i helga måtte gå heilt frå Skarbø eller Søre-Vartdal, syner klårt dette. Og at ruta var dårleg ogso økonomisk, er klårt nok, når S. Vartdal, Hjørungavåg og Hareid hadde anløp av upp til 3 båtar på same tid, var det ei sjølvfylgje at m.b. i ruta 2a fekk minste parten.
Ved at me atter kom med på Hjørundfjordruta, og fekk att anløpa laurdagskvelden og måndagsmorgonen er me tilfredsstilla og det syner den trafikk som denne ruta hev fengje frå Barstadvik. Men når Hjørundfjords heradsstyre brukar det illoyale uttrykk «unødig forlenget», syner det seg at me er komne inn i nye tider med nye menn. – Lat vera at hjørundfjordingane reknar oss fro små, men det hender seg at ogso vesle bror krev sin lovlege rett og den krev me, og på dei forutsetningar var MFR skipa.
Barstadvik, 16. desbr, 1927. H. BARSTAD.
Møre Fylkes Rutebåtar (MFR) skifta namn til MRF på 1930-talet.