Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Elias Erdal

Elias Erdal i 1911. Foto Sponland. Kjelde: Fylkesfotoarkivet for Møre og Romsdal.

Elias Andersson Erdal (1886-1966) voks opp i ein syskenflokk 8. Far hans døydde då Elias var ei 7-8 år gammal. Sjølv dreiv han fiske frå yngre år. I 1912 var han ein av dei åtte karane som stod bak kontraheringa av dampskipet «Ramoen», den fyrste havfiskebåten i Vartdal. Denne skuta selde eigarane våren 1918, med god forteneste. Elias er ved høve kalla skipper, kan hende førte han «Ramoen» når ikkje Laurits Vartdal var med. Etter verdskrigen var over, kom ei langvarig krise i fiskeria. Elias engasjerte seg på vegne av fiskarane, han deltok såleis midt i september 1919 i Trondheim på det store landsfiskarmøtet som innstendig ba den norske regjeringa om «igjen å påta seg kjøpeplikt og garanti for minstepriser» (Dette var før Norges Fiskarlag vart skipa). Heime i Barstadvika var han aktivt med i bygdelivet, perioden 1919-23 var han formann ungdomslaget Bard. I 1924 kjøpte Elias eit av gardsbruka i Djupvik i Sula og familien flytta dit. Her tok han til med avl av sølvrev, og i 1927 opna han i tillegg landhandel. Etter å ha vore formann for rutebåten Von i to år, vart han i 1938 vald til formann i det nyskipa Sula Rutelag. Han leia firmaet til 1942, og på ny i 1944 og perioden 1946-53. Sommaren 1920 gifta Elias seg med Ingeborg L. Rebbestad frå Follestaddalen. Ho sette til verda ni born, dei tre yngste sønene lever i 2025, alle over 90 år gamle.

1 kommentar

Kommentarer er stengt.