Ole A. Myklebust (1910-1994) var frå Bøen på Myklebust og vart nemnt Bø-Ole all sin dag. Han reiste han i 1925 til Isdalstø i Hordaland og arbeidde to år på Hordasmia. Deretter var han to år på verkstad i Ålesund. I 1929 flytte han heimatt til Myklebust. Her arbeidde han nokre år i smia til faren. Der vølte han bilar og lærde seg på den måten å vere heilt sjølvhjelpt. Sist i 1930-åra bygde han hus i Sørevartdal, ved Storelva, der han innreidde verkstad på golvplan og heim i andre etasje. Sidan bygde han nye verkstadrom. Han var sjølvlært i det meste, svært allsidig og hadde store kunnskapar og godt handelag på mange felt, som spente frå grovsmedarbeid til elektronikk og finmekanikk. Han treivst best med utfordringar og var av dei heldige som også hadde arbeidet som hobby. Det året han kom heim var han med og kjøpte den første bilen som kom til Søre Vartdal. Frå 1930 dreiv han leigekøyring på Vartdal. Etter ei tid fekk han drosjeløyve og dreiv det til han vart 70. Arbeidsdagen hans har såleis vore mellom drosjekøyring og verkstadarbeid. Gjennom åra hadde han i alt mellom 30 og 40 bilar. Ole likte å slå av ein prat, og var ei sann oppkome av historier og skrøner både frå arbeidslivet og om gammalt. Det vart sjeldan keisamt når han kom i rette laget. Han såg helst den lyse sida av livet.
Ole var gift 1934 med Kristine Pedersen frå Herøy. Dei vart foreldre til Arnvid, Svanhild, Ragnar og Inghild.

Kristine og Ole A. Myklebust i 1934. Foto: Olav Lystad. Kjelde: Fylkesfotoarkivet.