Fredrik Ingebrigtsson Lynge (1853-1936) var ein odelsgut på Lynge. Han tok over garden på Kollane i 1886. Sist på 1800-talet eigde han i Lynge-åttringen i lag med Ole E Lynge og Jørgen N Romestrand. Fredrik var med i ymse styre og stell. Såleis var han styremedlem 1891-97 i Vestre Sunnmøre Branntrygdelag. I 1894 var han med på å byggje ny stove på Rotneset. Same året var han utsending frå Ulstein kommune til valtinget på Molde. I den nasjonale politikken sokna han til høgrepartiet. Frå 1895 var han medlem i det fyrste skulestyret i Vartdal. Han var ein av tre karar som styrte «Menighetsfondet». Dette fondet hadde så mykje peng at det delvis fungerte som ein lokal bank. Frå 1899 til 1916 var han medlem i heradsstyret, seksårsbolken var han 1902-07 ein av fire i det kommunale formannskapet. I juni 1905 tok Fredrik den tre år gamle merra «Lykkens Prøve» med til hesteutstilling i Molde. Etter Vartdal Sparebank vart skipa i 1906, var han fram til 1918 ein av tre styremedlemer i sparebanken. Kvar laurdag etter skuletid måtte han ta turen til Nøre-Vartdal og styremøte. I 1934 gav han kroner 3,00 til Redningsselskapet.
Fredrik var gift med Ingeborg frå Maldegarden Barstad. Dei vart foreldre til Dina, Pål og Inga. Pål var gift, men fekk ikkje born. Systrene budde på Kollane, ugift begge. Utan nære livsarvingar, tilfall Kolla-garden den norske stat. Som på 1970-talet selde eigedomen til privatperson.

Sidan sogelaget manglar foto av barstadvikaren Fredrik Lynge, nøyer ein seg med eit frimerke-bilete av grønlendaren Frederik Lynge (som i 1950-åra hadde sete i det danske Folketinget).