Johanne (1874-1966) var den eldste av dei åtte borna som voks opp i heimen til Kolbein Andreasson og Karine Larssdotter på Nedste-Rot dei siste tiåra av 1800-talet og det fyrste tiåret av det 20. hundreåret. 17 år gammal budde ho heime, tok heilt sikkert del i stellet av dyra på garden og gjekk mora til hender. I 1900/01 var ho «tjenestejente husligt arbeide» i Massigarden på Alnes på Godøya, ei kvinne frå Stavset i Hjørundfjord tok seg av krøterstellet. År 1902 gifte Johanne seg med Lars P Flåskjer og vart i tida fram til 1911 mor til Sverre, Kåre og Paula [Roppen]. Då Vartdal helselag vart skipa i 1916, for å kome tæringssykja til livs, vart ho Johanne vald til styremedlem i laget.
