Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Skreddar-Nille

Nille Nilssdotter Hjøringdal (1836-1911) var frå Åmundegarden Sætre. Ho var «Skrædder» i 1865, budde hos foreldra i Åmundegarden. Skreddar-Nille gifte seg i 1872 med skomakaren Petter Persson (1826-1891) frå Olagarden Årset. I tillegg til handverka dreiv dei ei plassebot på Sætre. Ein gong i 1880-åra flytta dei til Hjøringdal i Hareid, der dei (truleg) dreiv småbruket Kvernhushaugen, eit bruk den då avdøde broren til Petter, tidlegare hadde drive. Her vart dei buande. Under folketeljinga 1910 vart Nille ført som «Skrædder og føderådsk[one].» Ingen born.