Meny Lukk

Folk frå fortida – Peder M. Kvien

Ein av dei mest vyrde og gildaste menn som strandi vår har fostra, har nett no lagt vandringsstaven ned for alltid på denne jord. Peder M. Kvien døydde 16. august 88 år gamall. Han Kvie-Pe som me kalla han, var skulelærar, og mange er dei elevar som hugsar han frå skuledagane, med takk fort alt han gav dei. Han var utstyrt med gode evnor, og hadde eit mot, og ei kraft som nesten aldri svikta. Han var ein av desse støe trugne karane, aldri vinglande, alltid stø og roleg, og klårsynt, og aldri redd for å slå til for det han trudde var rett og sanning. Det er slike vaktmenn me har so altfor få av i vår tid, då alt er so vinglande og umskiftande, og så få stend vakt, um dei dyraste eignalutar eit folk har. Han heldt sundagsskule for borna i heimen sin, og eg har mange kjære minne der ifrå. Det var so velsigna gildt å sitja der å høyra korleis denne gamle gilde kjempe, la ut for oss dei bibelske sanningar. Klårt og greidt fortalde han so ofte, korleis me borna ved dåpen vart innpota til å vera Guds born, og bad oss at me seinare i livet måtte vera hjå han som gav livet for oss alle. Ingen ting var for mykje å ofra på oss borna når me kom, våte og skitne ofte, men alltid med ein smil um munnen, og med kjærlege milde ord. Som granne var han og ein gild mann, alltid grei og hjelpsam, og var det nokon som trong ei hjelpande han same kva det var, so kunne han berre gå til han, so fekk han hjelp. Men størst synest eg han var som den religiøse kjempe. Han var i lang tid medhjelpar ved kyrkja vår, og kyrkja for han var alltid noko stort og heilagt og kvar preikesundag såg du han so visst koma gangande til kyrkja. Var det ein feste eller basar til inntekt for misjonen eller eit anna godt fyremål, so var han der, og alltid hadde han noken velsigna trauste og mynduge ord åt oss. No er han burte. Han har flytt berre høgre upp til sin store Herre som han elska og livde for.

Elias Myklebust. Sunnmørsposten 20. august 1928.

P.M. Kvien (1840-1928) deltok i fire vinterfiskje. To av desse åra låg han til fiskje på Giske. Eit av åra var han hjå ein kar som var snill til vanleg, men fæl når han drakk seg full, særleg mot kona. På heimferda frå Giske hadde han og Pe-Jakob nær sett livet til. Dei tok ut om morgonen i ein liten færing. Sør i Breisundet rauk det opp med storm. Jakob auste og Pe rodde, og det så hardt at han kjende det i venstre handa i lang tid. Etter å ha berga seg under land ved Brandal, kom dei seg trygt vidare til Nørevartdal. Derifrå rodde Pe åleine til nausta ved Øyra. Framme i dalen var det mykje snø, så det vart ein strid tur fram til Kvia.

Pe plagdest ille med sjøverken, og vel 20 år gammal bestemte han seg for å verte lærar. Saman med Martinus Bjørndal reiste han til klokkaren på Hareid og fekk opplæring i norsk og rekning. Hausten 1861 tok han til på Voldens høiere almue- og lærerskole. Etter halvtanna år i Volda, tok han til i lærarpost i krinsane Ringstaddalen, Hasund og Dimna i Ulstein. Frå 1868 skulte han i Årsetdalen og Nøre-Vartdal. Frå nyår 1869 gjekk undervisninga i Årsetdalen føre seg i ei eiga skulestove, den fyrste i sitt slag på Vartdalsstranda. Sidan 1880 var P.M. Kvien lærar i berre Årsetdalen krins. Han måtte då tidleg opp i Kvia, skulle han rekke å varme opp skulestova på Årset til elevane kom. Pe var lærar til ut året 1894. Sommaren etter, midt i juli 1895, tok han turen nordover til Tromsø, der han tok del i generalforsamlinga til Det norske misjonsselskap. Sjølvsagt nytta han då høvet til å vitje systersonen Mads, som budde i Balsfjord.

Av legning var Kvie-Pe utprega konservativ. Såleis såg han med mistru på mangt av det nye som kom fram i tida. Mellom anna likte han ikkje at mange elevar kom på ski til skulen, og sa at dette fjøleladet ville han ikkje sjå meir. Han gifte seg i 1886 med Elen Hole frå Hjørundfjord, systera til Sevrine Hole som seinare vart jordmor Vartdal herad. P.M. Kvien var medlem i heradsstyret treårsbolken 1899-1901. Han var far til tre døtre, men fekk ikkje barneborn.

P.M. Kvien. Foto: E.O Simonnes. Kjelde: Sunnmøre Museum.

2 kommentarer

  1. NILS HARALD KVIEN

    Hei! Mitt navn er Nils Harald Kvien og er oldebarn av Mads Johannes Kvien. Det skrives at P M Kvien under sitt møte i Tromsø besøkte min oldefar og benevnes som brorson. Min informasjon sier at det var mor til Mads Johannes som var søster til P M. Har jeg feil info?

    Med hilsen
    Nils Harald Kvien

Kommentarer er stengt.