Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Haakon Busæt

Haakon Busæt (1899-1950) var frå Johansgarden på Buset, den sjette i rekka av dei ni borna til Larina og Knut J. Buset. Vinteren 1917/18 var Haakon elev ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. Sidan gjekk han landbruksskulen på Gjermundnes i Romsdal, og 1922/23 vart han utdanna agronom på jordbrukslina ved Norges Landbrukshøgskule på Ås i Akershus. To år seinare, i april 1925, tok han eksamen som jordbrukskandidat ved same NLH, fekk den gode karakteren 1,74. Etter å ha arbeidd i kortare tid med å utvikle Mære-myra i Sparbu i Nord-Trøndelag, vart han tilsett som heradsagronom i Borgund kommune. Han busette seg då i Hatlane i Borgund, der han omgåande etablerte Buset revegard og byrja med avl og sal av sylvrev. Denne næringa viste seg så lønsam at han sa opp stillinga som heradsagronom frå sommaren 1929. Allereie vinteren 1929 drog han til skinnauksjonar i London og København. Her fekk han det ordna slik at han vart norsk oppkjøpar for London Fur Sales Ltd. Utover 1930-åra deltok han mest årleg på skinnauksjonar i London. Sommaren 1929 reiste han elles til eige bryllaup på Brunstad i Sykkylven, med di han vart han vigd til Jenny Brunstad frå bruket Bøen der. Haakon Busæt dreiv sidan eige firma som selde for til pelsdyrnæringa og handla inn skinn frå oppdrettar vide i Norge. Kring midten av 1930-talet flytta han denne verksemda til Sorenskriver Bulls gate i Ålesund.