Elling Larsson Årset (1841-1899) var frå Andersgarden på Masdal. I fyrste bandet av Vartdalssoga vert det fortalt at han gjekk til Nøre-Vartdal på skule. Ein gong vart han lenge før han kom heim att, og dei drog i veg å leita etter han. Sume trudde han var innteken av dei underjordiske. Difor ropa dei med medan dei leita: Et ikkje med trolla, et ikkje med trolla. Bryllaupsmånaden juni vart han i 1865 gift til Andersgarden på Årset. Same året fekk Elling skøyte på garden frå svigermora. Han og kona Andrine Persdotter fekk to born, Hansine og Peder. Vinteren 1873 brende stova i Andersgarden ned, truleg den 28. januar. Stova var branntrygda nokre få år i førevegen, og Elling fekk utbetalt 195 spesiedalar i skadeserstatning. 6. mai 1874 døydde Andrine, nett fylt 40. Året etter gifte han Elling seg med Petrine Jonsdotter frå Olagarden på Årset. Med henne vart han far til Andreas, Anna og Laura. Halvsyskena Hansine og Andreas vart til ulike tider gifte til Myklebust, ho til Knutegarden og Andreas til Bøen, han er i dag kjent som Gamlesmeden. Eldstesonen Peder E. starta i 1897 opp landhandel i stovekjellaren i Andersgarden. Hausten 1899 døydde Elling av tarmslyng, doktor var tilkalla. To ulike lagnader venta dei to yngste døtrene hans. Laura vart gardkone i Hansgarden på Sætre. Systera Anna var i vaksen alder syerske i Ålesund, men vart erklært sinnssjuk og enda opp i forvaring ein kvan staden på Austlandet.