Meny Lukk

Aarsetdalens kvinneforeining

I 1882 byrja ein del eldre og yngre kvinnor å koma saman um misjonen. Etter uppmoding til P.M. Kvien, som då var lærar i bygdi, tok han seg av å leida møti, og som den varme misjonsven og kristen han var, vart han den som i lang tid stod som leidar for kvinneforeiningi.

P.M. Kvien er no 86 år, og soleis so gamall at han sjelden er god for å gå på møti våre, so no i mange år har Larina Buset stade som formann og er ei av dei som hev vore med heilt sidan foreiningi vart skipa. Hennar aldri sviktande offervilje og store dugleik som formann har me å takka for at arbeidet går so godt som det gjer.

Samlingsstaden har vore skulehuset på Årset. I fyrste tid arbeidde ein upp gjenstandar og heldt basar. No hev me gjenge over til offerdag.

Arbeidet vårt har me ordna soleis: Um hausten når det meste utearbeidet er forbi, har me offerdag til inntekt for Det Norske Missionsselskap. Etter nyttår har me so offerdag til inntekt for Sjømandsmissionen. So har me i pinsen ein fest til inntekt for Finnemissionen.

Til Sjømandsmissionen tek me saman ull kvar haust, sel henne og får ein god del pengar for henne, som me legg saman med det andre som kjem inn på offerdagen. Til Det Norske missionselkspa spinn me ull, og sel tråden, for på den måten får me meir pengar til misjonen.

Møte i kvinneforeiningi har me kvar 14. dag. Me byrjar og sluttar med bøn og salmesong. Elles har me lesing av «Missionstidende», «Bud og Hilsen», «Samenes ven», og so har me det handskrevne bladet vårt, «Systerkjæda», som har mangt å fortelja oss. Kaffi kokar me på møtestaden og har mat og kopp kvar til seg.

Aarsetdalens kvinneforeining som byrja med nokre ganske få lagslemer, har år etter år vakse, so no tel me 50 lagslemer. Når me no ser attende på dei mange åri som har gjenge sidan arbeidet vart byrja, er det med takk til Gud, som har gjort alle ting vel.

Or Norsk Missionstidende frå 1927, side 120.