Meny Lukk

Lindormen på Vartdal

På Vartdalsstranda var der i gamle dagar so mykje orm, at det kraup og aula alle stader. Det vart so brydsamt og plagsamt at sistpå vart folk einige um å prøve å få ti i ein mann som kunde vikje vekk ormen.

Der kom ein finn og baud seg til, men han gjorde det fyreordet, at var der lindorm, so vilde han ikkje taka på seg å vikje vekk ormen. Folk hadde ikkje sét der lindorm, so det trudde dei han kunde vera trygg for. Finnen laga til eit stort bål på øyrane i Søre-Vartdal, – staden syner endå og vert kalla Ormehola den dag i dag. Alle gardar på Vartdalsstranda skulde yta ved til ormebåla og det gjorde dei, med undantak av dei som budde på Romestrand og Volle, dei trudde finnen ikkje greidde vikje vekk ormen og vilde ikkje vera med å yta ved til ormebåla, difyrr er der orm den dag i dag.

Når bålet var tillaga tok finnen til å mana, og so mykje trolldomsmakt hadde han, at kvar orm som kom fram laut taka med seg ein kjepp til sitt eige bål. Ormemanararen hadde smurt på seg ein salve, so ikkje varmen beit på han. Han bykste gjennom elden og ormane fylgde etter og då sprakk dei i varmen. Då han hadde halde på og mana ei rid, og han trudde at all ormen var brende, visste han ikkje av før han høyrde eit veldugt brak, og ein lindorm kom veltande ned der Masdalskloven no er. Fjellet klovna og der vart ei stor ur nedunder klova, av det som stakk ut or fjella, Ormura heiter ho endå. Lindorman hadde legje i eit vatn bak um Masdalskloven. Då lindormen kom sud på Stupeneset braut han ned ei furu som han tok i gapet og kom sopande med sud på øyra. Ormemanaren vart so redd at han kvitna vekk, han laut bykse tre vender gjenom varmen, før lindormen sprakk; det leita so på ormemanaren, at han var mesta klar.

Då finnen var ferdug med ormemaninga sett han seg på hesten og reid uppunder Sæsshornet og inn gjennom fjellet, der Merkingselva kjem sprutande ut or fjella. So reid han framgjenom fjellet heilt fram til Isflåne, der var eit stort vatn og eit stort skip låg burt på vatna og skaut. Det er skota frå det skipa som kjem ut fram i Isflåne. Isflåmannen kom og baud han drikk av eit stort horn; men ormemanaren ævde seg um å drikke. Då vart Isflåmannen so arg, at han riste so på handi, at noko av det som var i hornet skvatt utover. Ein drope trefte burt på hestedova og brende hol heilt inn på beinet. So reid finnen derifrå og kom utor fjella uppi Fossholene, og då hadde hesten vorte so tung, at han sakk nedi uppunder kneet, sjølv um det var på harde berja han gjekk. So reid han ned Saudeskaret, og det var visst til Hjørundfjorden han hadde tenkt seg, nok er det, det er ingen som hev høyrt frå han sidan.

Skipet som ligg og skyt inni fjella skrapar med sprøytet mot fjellveggen kvar gong det vender, på ein stad uppav Myklebust i Aarsetdala. Når det med tidi slit hol i fjellet, vil skipet koma ut der, og då tek det med seg heile Myklebustgarden.

Johan Haddal i Tidsskrift for Sunnmør Historielag 1927, etter Ola S. Liset (1919).