Inga Pålsdotter Buset (1878-1914) var frå småbruket Skortå, heimst på Buset. 13 år gammal tente ho i Guttormegarden på Myklebust, hos syskenbarnet til far Pål. Pål hadde ein fot som han plagast med, serleg etter kvart som alderen kom, so tausene (døtrene) måtte vera dei visaste til slikt som henta øyken til og frå, samstundes med mjølkegonga. Serleg hadde Inga ord på seg for å vere ein «maraklegg». «Når eg ser henne Inga so ser eg merra. Og ser eg merra, so ser eg henne Inga», brukte Buset-Knut å segja. I 1900 var Inga «Budeie» på Grøvik 1 i Ørsta. Ti år seinare var ho «Tjenestepike i huset» til syskenbarnet, lærarinna og enkja Marta Sandvik på Askøy i Hordaland. Inga var i si tid leiar i foreininga for Sjømannsmisjonen i heimbygda. Ho døde av tæring på Vestnes pleieheim.