Meny Lukk

Vekkreist frå Vartdal – Kåre Flåskjer

Kåre Flåskjer (1906-1996) dreiv mellom anna fiske i ungdomsåra. «På feitsildfiske hadde eg fare frå Laksefjorden i aust og til Eidsfjorden og Tysfjorden i sør», kunne han fortelje. Nett som den eldre broren Sverre utdanna han seg til arbeid i skulestova. I 1928 tok Kåre eksamen ved lærarskulen i Volda. Han var så lærar i Sande på Sunnmøre frå 1930 til -37. Etter å ha vore elev ved Norges Lærarhøgskule i Trondheim, underviste han ved Trondarnes folkehøgskule i Harstad til mars 1941, då Wehrmacht tok over skulebygningane og dei tilsette hute seg derifrå. Elevar ved folkehøgskulen mintest «pianisten, som gledde oss så ofte med festleg musikk når vi sat samla i gymnastikksalen.» Kåre fekk seg lærarjobb i Eksingedalen i Hordaland. Her vart han kjapt, og kortvarig, involvert i å hjelpe englandsfararar. Sidan i krigen var han lærar på Filtvedt i Hurum. I 1944 gifta han seg med lærardottera Alvhild Flatekval, dei vart foreldre til to born. I 1946 søkte Kåre stilling i Sør-Fron i Oppland. Her var han lærar på Øverbygda skule, seinare var han skuleinspektør og busett på Harpefoss. I 1962 vart han vald til formann i Harpefoss arbeiderlag 1962. I Sør-Fron var han medlem i skulestyret, så vel som heradsstyret. Også medlem i bygdebok-nemnda. Flåskjer var mykje musikalsk. Han var såleis organist, akkompagnatør på piano og korleiar, nesten kvar han kom.

Kåre Flåskjer i midten bak, i lag med foreldra og syskena. Foto Olav Lystad. 1939. Kjelde: Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal.