hadde årsmøte fyrste påskedag. Årsmøtet hev alltid før vore halde ved nyår: men i år var so mange av lagslemene burte at det vart utsett til påske.
I 8 tida tok ungdomen til å samlast. Kåre Flåskjer og Olav Myklebust spela. Kåre Flåskjer heldt ein gild tale um eit eventyr. Han peika på korleis den vesle oskeladden hadde vore idealet åt det norske folket framgjenom tidene, og han måtte endå vera eit føredøme for all framtøk ungdom. Det handskrivne bladet «Vårljos» vart upplese, med mykje godt innhald. Til formann vart vald Bjarne Myklebust, næstformann Hans Årset. Styre: Harald Buset, Alb. Flåskjer, Bergljot Grønnevet, Tordis Kleiva. Sidan skifte programmet utover kvelden med mat og kaffi, upplesing og leik.
Og då me skildest var visst alle velnøgde med kvelden. Dei aller fleste gjekk heim med ein lovnad um å gjera sitt beste for laget i det komande år.
Meldar.
Or Ungdomsvon. Nr 14. Fredag 17. april 1931.