Meny Lukk

Den fyrste «Sæbjørn»

Herøyværingen Knut Sævik gifta seg til Vartdal i 1943. Han og kona Magna fekk tomt av farsgarden hennar under matrikkelgarden Søre-Vartdal og bygde i 1945 bustadhus der. Knut dreiv fiske og gjorde i åra etter verdskrigen flust med peng som sildebas. Av ein reportasje i Sunnmørsposten 30. mars 1963 går det fram at Sævik sjølv meinte han sidan 1940 hadde vore med å fiske 5-600000 hektoliter sild, berre velstand for den som ville satse på eiga hand.

I 1955 danna Knut Sævik og fiskebåtreiaren Peter Aakre i Haram det dei kalla «Partsrederiet Møre». Men før båt vart kontrahert gjekk Aakre ut or sameiget. I staden danna Sævik reiarlag i hop med ein annan haramskar, skipper Toralv Rønstad, som kom inn med ein tredjepart. Reiarlaget fekk båt bygt ved skipsverftet i Søvika, ei bygd som enno høyrde til Borgund kommune.

Våren 1957 stod båten ferdigbygt på beddingen. I høve sjøsettinga skriv avisa Fiskaren av 10. april 1957: «Det var skulefri og stor stas her eine dagen i Søvika på Sunnmøre då ein ny 120,5 fot lang stål fiskebåt, bygd for Knut Sævik i Vartdal, vart sjøsett frå Søviknes Båtbyggeri. Fartyet, som fekk namnet, «Sæbjørn» er ein kombinert trålar og snurpar, den største dette båtbyggeriet har levert til denne tid.» Båtnamnet kom til ved å nytte forstavinga i familienamnet Sævik, og så skøyte til namnet på eldste son til Knut og kona. I merkeregisteret for fiskefarty vart «Sæbjørn» innført med M-27-VD.

Båten kunne ha vorte seld til utlandet før han vart sjøsett. Eit USA-sveitsisk selskap skal ha vore interessert i å kjøpe nybygget, for å bruke båten til rekefiske i Bengalbukta. «Sæbjørn» kosta reiarlaget ikring 1,2 millionar kroner, i pressa meinte ein å vite det utanlandske selskapet var villeg til overta båten til ein pris på 1,7 millionar kroner. Men «Sæbjørn» mangla kjøleanlegg og båten vart verande i det ferske reiarlaget si eige.

Til «Sæbjørn» vart innkjøpt nylonnot, einast «Dolsøy» og «Giskøy» av snurpebåtane på Sunnmøre hadde nylonnot før hausten 1957. Gjennom februar og mars månad 1958 fortel avisene om to sildelastar på 3000 hektoliter, samt tre mindre fangstar. Frå opp til 20 kvartmil vest av Runde kom «Sæbjørn» over midnatt til den 11. mars med fylte lasterom.

«Sæbjørn» var utstyrt med sidetrål og tidleg i august 1958 drog båten nordover. Den 14. oktober er mannskapet «kommet hjem fra ti ukers tråltur til feltene omkring Bjørnøya med en fangst på 80 tonn saltfisk.» Sjølv om fisken «var til dels av meget stor størrelse», vart det snakka om svart hav.

Vintersildfisket 1959 var uvanleg labert samanlikna med dei store sildeåra tidlegare på 1950-talet. Ei oversikt mot slutten av sildefisket viste at «Sæbjørn» med sin totalfangst på 17800 hl låg mellom dei aller beste sildebåtane, berre «Fisk» med 22000 hl og «Langvik» med 17900 hl hadde landa meir sild.

Midt under sildefisket den vinteren lufta notbas Knut Sævik eit framlegg om å doble garantiluten frå 75 kroner månaden til kr 150. Ei slik ordning ville «sikre at mannskapene ikke går fra borde når vårsildfisket begynner. Det er alminnelig misnøye ombord i båtene over det dårlige fangstresultatet, og det er fare for at flere båter vil miste mannskapet under vårsildsesongen.»

Frå hausten 1959 forhandla Toralv Rønstad om kjøp av ein konkursråka fiskebåt. Knut Sævik tok då over som eineeigar av «Sæbjørn». Omtrent samstundes kom han til at båten var i minste laget. Så ut på nyåret 1960 kom ein forlengd båt frå beddingen til Brattvåg Skipsbyggeri. Lengda på snurpebåten var auka med «14 fot og vil nå kunne laste 3600 hl sild».

Den 5. februar 1960 skriv ei avis at snurparane tok «til å kasta ute på Hustadviki i går, og der var mykje rop ei stund, men det viste seg det var småsei dei kasta på.» «Sæbjørn» fekk ein last på 15000 kg sei. Ei vekes tid seinare berga båten dei fyrste sildefangstane og dei neste fire vekene leverte «Sæbjørn» minst tre større og tre mindre sildelastar. Om sommaren dreiv «Sæbjørn» ved Island. Den 12. august vart meldt at «Sæbjørn» og «Ullasund» «er snart ferdige med fjerde tur til islandsfisket.»

Vintersildfisket 1961 var ringt. «Sæbjørn» landa høvesvis 300 og 200 hl i slutten av februar. Minst like ille var det at under snurpefisket på Gripfeltet den 24. februar, vart nota til «Sæbjørn» riven sund av propellen til «Borgundfjord». Sæbjørn AS meinte seg saklause for tilburden og gjekk til sak mot «Borgundfjord». Saka kom til doms i Ålesund byrett året etter. Retten dømde «Borgundfjord» «til å betale kr. 18.482,56 til ’Sæbjørn’ som skadebot for øydelagd not» og erstatning for «antatt fangsttap», ein dom «Borgundfjord»-reiaren anka. Frostating lagmannsrett stadfesta i januar 1963 avgjerda til byretten, men halverte skadebota.

Utover i 1961 dreiv «Sæbjørn» fabrikksildfiske, båten leverte til saman 12080 hl til B. Heides Sildeoljefabrikk i Kristiansund. Resultatet vart rekna som bra, men ikkje noko toppresultat.

Også vinteren 1962 leita fiskeflåten fåfengt etter dei store sildeloppane. 7. mars var ein journalist frå Adresseavisen med om bord i «Sæbjørn». Til avisa sa bas Sævik: «Vi synest det er ille, vi som har asdic. For dei som ikkje har, må det vere reint håplaust». Ei 14 dagar etter fanga snurparen 2700 hl på Haltenbanken. Og med totalt 9000 hl var «Sæbjørn» femte beste båten pr 25. mars.

Seinare på våren 1962 fiska «Sæbjørn» ferskfisk for selskapet Findus. Ei vekes tid ut i mai månad leverte båten 38 tonn i Hammerfest. Den 23. mai skriv ei avis at «Trålerfangstene til Findus har vært ganske små siste uke p.g.a. at båtene måtte avbryte fisket på Sotrabanken p.g.a. ismassene.» «Sæbjørn» hadde då nett levert 30 tonn [rundfisk]. Vel to veker seinare fór båten heim til Sunnmøre.

«Sæbjørn» skifta tur og drog til Island med Per Kvien som skipper. Han fortalde Lofotposten 10. juli at «Meget sild er det ikke ved Island i år», då «Sæbjørn» søndag kom til Ålesund med 2600 hl. fabrikksild. «Kvien sier at hadde man ikke hatt asdic, ville det vært uhyre vanskelig å fange silda, slik som forholdene hittil har vært… En siste del av fangsten tok vi på Seydisfjorddjupet på østsiden av Island, og der var silda svært blandet. Det er vel norsk sild og islandske vårgytere. Det var i hvert fall meget sild som var mindre og magrere enn vanlig islandssild. Det blir mye utkast for salterne der øst. På nordsiden, hvor vi tok første del av fangsten, var det derimot jevn, stor sild… Det er gledelig at silda endelig går i åte, men at det er like meget sild ved Island som det var tidligere, skal ingen fortelle meg». Siste fangsten på Island tok «Sæbjørn det året tidleg i august.

Dei dårlege utsiktene i sildefiskeria tvinga reiaren å sjå seg etter andre fiske. Her baud fiske etter håbrann på fjerne farvatn på kjærkomne voner. For å kunne delta i håbrannfiske måtte det innreiast fryserom om bord i «Sæbjørn». Arbeidet med fryseriet utførte Kleven mek. Verksted i Ulstein.

Fisket etter vintersild kom seint i gong i 1963. Fyrst mot slutten av februar månad fekk sildeoljefabrikkane noko å jobbe med. 1. mars kom «Sæbjørn» til Kristiansund med slunkne 100 hl. Måndagen 4. mars melde sildeflåten inn 81400 hl, meir enn det flåten hadde teke tidlegare i fisket. Avisa Lofotposten skreiv dagen etter at «Det var nærmest oppløp på Statens Fryseri i Ålesund i går da årets første snurper «Sæbjørn» kom til byen 3200 hl sild tatt på Buagrunnen. Man måtte holde guttene i byen borte med vannslangene da de kom for å sikre seg en sildehank ombord.» Basen var klar på at det var typisk vårsild «den lå faktisk i en gele av rogn og melke og det kunne ikke herske tvil om at den var langt kommet i gytingen».

I april dreiv «Sæbjørn» fiske på Finnmarkskysten. Ein fredag i siste del av månaden lossa båten 60 tonn trålfisk ved Kongsfjordbruket. Om sommaren la reiaren drifta til Island, leverte 1000 hl i august.

Ein av dei fyrste dagane i oktober 1963 gjekk «Sæbjørn» på sin fyrste tur etter håbrannen på fjerne farvatn. Den andre håbrannturen tok til i byrjinga av mars 1964, 21. mars formidla Sunnmørsposten ei melding om at «Sæbjørn» var komen til Newfoundland, i lag med «Juvel» og «Sevrin Roald». Den 12. juni telegraferte «Sæbjørn» at båten «Avgår fiskefeltet i dag. Full last». Vonene til håbrannfisket langs vestkysten av Nord-Amerika brast.

Etter endå ein elendig sesong på storsilda i 1965, då Knut Sævik var bas og Paul Valderhaug skipper på Harams-båten «Ullasund», bestemte Sævik seg for å satse meir heilhjarta på sildefiskeria. Han såg som dei fleste andre at framtida for snurpebåtane låg i teknologiske forbetringar. Dermed måtte det investerast i ringnot og kraftblokk. Hausten 1965 vart «Sæbjørn» ombygd til såkalla ringnotbåt ved Volda mekaniske verkstad. Seint om hausten fekk båt og mannskap teste dei nye reiskapane, til dømes fanga dei 1000 hl makrell i Nordsjøen den 8. desember, ei 40-50 nautiske mil utanfor Eigersund.

Frå 1966 har «Sæbjørn» utan avbrot drive sildefiske, i den utvida tydinga av omgrepet. Dei spesialiserte ringnotbåtane byrja jakta på sild og andre pelagiske fiskeartar over stadig vidare havområde. Men i februar 1966, då «Sæbjørn» landa 3200 hl storsild i Steinshamn, var det kjende fiskefelt bas om mannskap opererte i. Og i mai drifta «Sæbjørn» i Nordsjøen att etter makrellen.

Natta til 15. juni 1966 viste «Sæbjørn» seg å vere næraste farty då det braut ut brann i sildebåten «Femung». Båten heimehøyrande på Tjeldstø i Hordaland var på tur til Shetland og komen 50 nautiske mil vest om Marsteinen i Hordaland. Over fiskeribylgja og med radiotelefonen fekk havaristen snøgt kontakt med «Sæbjørn». «Femung»-mannskapet på 11 gjekk omgåande over i lettbåten. «Sæbjørn» nådde den brennande «Femung» litt før kl. 3.30 og tok om bord «dei elleve mennene i den vesle lettbåten». «Det var litt vind og skvalp, men etter at me kom i [lett]båten var me ikkje i nokon livsfare», fortalde mannskapet på «Femung» til pressa. «Sæbjørn» fekk slepar om bord i «Femung og inne i smult farvatn gjekk «Sæbjørn» på sida av havaristen då «verste elden hadde lagt seg». Klokka 15 la «Sæbjørn» til kai i Bergen.

I oktober 1966 leverte «Sæbjørn» fyrst ein fangst på 1700 hl og deretter 2300 hl makrell. Den 24. oktober skriv ei Haugesunds-avis at «Makrellfisket fredag og laurdag slo alle rekorder». «Sæbjørn» var ikkje åleine båt tilknytt Vartdal med last. Frå Egersundbanken kom òg «Lepsøy», «Kvitøy», «Vartdalbuen», «Havmann I» og «Havbryn», alle med frå 1300 til 1800 hl, medan «Knut Vartdal» og «Dolsøy» leverte 5-600 hl det eine døgnet. Ei veke seinare leverte «Sæbjørn» 2700 hl makrell. Mottaksapparatet braut til sist saman, totalt vart det fiska nesten 900000 hektoliter på ei veke.

10. november var «Sæbjørn» på komen på verkstad. Båten «som tidligere drev håbrannfiske på fjerne farvann, river således nå ut isolasjonen i rommet», for å drive heilårs sildefiske.

Storsildfisket i februar 1967 bar bod om at Knut Sævik gjorde rett når han satsa på ringnot. «Sæbjørn» tok då minst fire gode sildefangstar frå felta ved Grip, Hustadvika, Bud. To gongar lasta fiskarane båten full, samanlagt landa mannskapet nær 12000 hl, endå om fisket slakna i fyrste halvdel mars.

I perioden april-juni deltok «Sæbjørn» i makrellfisket. Frå 14. april og ut månaden leverte båten tre makrellfangstar, den største på 2400 hl, den minste på 700 hl. I mai landa båten fire fangstar, då både makrell og sild, mellom anna 3500 hl den 11. mai. Til 10. juni bringa «Sæbjørn» til lands ytterlegare tre fangstar med makrell og såkalla nordsjøsild.

Frå sist i juli månad dreiv «Sæbjørn» vide i Nordsjøen i over tre månader. Etter nokre mindre sildefangstar i august, leverte båten frå 9. september fire fangstar. Fisket vart elles prega av tidte fiskestoppar mykje av hausten. I oktober og november leverte «Sæbjørn» fisk seks gongar. Godt fiske siste tre vekene til siste lasten levert kring 8. november.

Vinteren 1968 ein einsleg sildefangst på 500 hl den 26. februar.

Frå midt i april dreiv «Sæbjørn» i Nordsjøen att. Utover i mai, juni og juli tok båten minst ti fangstar, dei fleste med makrell, inn i mellom landa den også sild. Største sildefangsten tok mannskapet ved Shetland kring 2. juli.

Sildefisket kom også til å verte elendig vinteren 1969, 200 hl leverte i slutten av februar. Deretter drog «Sæbjørn» i Nordsjøen midt i april. Det kan synast som fisket var mykje dårlegare enn året før, iallfall er innmelde fangstar jamt små samanlikna med 1968. Kan hende låg båten i opplag i juni-juli. Ein fangst på 3500 hl makrell i Skagerrak seint i august? Så tok fisket seg opp og «Sæbjørn» dreiv heile september fram til 22. oktober. Den siste fangsten på 3700 hl tok karane i sektor 2 aust.

Året 1970 skulle vise å innehalde eit vendepunkt i sildefiska for mang ein VD-båt. Fisket byrja likevel med å vente på storsilda, og 29. januar melde «Sæbjørn» inn 1900 hl. I februar landa mannskapet teke tre ynkelege fangstar på høvesvis 60, 60 og 40 hl storsild, frå Skalmen-Storbåen, vest om Smøla. Båten avslutta med ein fangst på 700 hl vårsild.

I mars prøvde «Sæbjørn» seg på eit, for båt og mannskap, framandt fiskeri. Midt i månaden leverte dei fyrst 3500 hl lodde og deretter ein last på 3000 hl.

Frå sist i april til ut mai fiska «Sæbjørn» sild i Nordsjøen? Fangstane var heller små, truleg gjekk noko til konsum, størstedelen gjerne til oppmaling.

Månadene juli, august, september, oktober fiska «Sæbjørn» etter sild og makrell i Nordsjøen. Fire av dei vel ti fangstane må seiast ha vore solide, mellom andre ein fangst på 2600 hl sild og 1000 hl makrell, teken ved Orknøyane-Shetland.

Storsildfisket i 1971 ser ut til å ha enda med to små fangstar, 150 hl og 125 hl i januar. Dei neste to månadene trong derimot mannskapet på «Sæbjørn» til sterke nevar. Frå fyrste loddefangsten den 10. februar, til den siste vart innmeldt 2. april, gjekk båten i skyttelfart frå loddefelta til ulike mottaksanlegg. Av 12 registrerte fangstar dei 8 vekene var 8 tilnærma full last. Med så rikt eit fiske, byrja loddebåtane å verte dirigert sørover langs norskekysten. Iallfall ein gong måtte «Sæbjørn» til Kristiansund for å verte av med loddelasten.

Frå felta kring Shetland leverte ein fullasta «Sæbjørn» tre sildefangstar i juni, den fjerde innmeldt til Ålesund 2. juli. Seinare i juli og utover i august kom båten oftast med ei blanding av sild og makrell i lasteromma, vekselvis mellom sild åleine og makrell åleine, makrellfangstane gjerne størst. Den 4. september melde «Sæbjørn» inn 700 hl hestmakrell, fiska aust om Flugga. Sist i oktober avslutta karane makrellfisket.

Før «Sæbjørn» gjekk til Shetland forsommaren 1971 «kom den første kraftblokksnurper til Verdal for å få lasterommene sandblåst, metallisert og malt», eit arbeid som vart utført over 9 dagar i fyrste halvpart mai. Tiltaket kan ha hatt samanheng med at båten ville verte lyst ut for sal Og seld.