Sunnmøringar i stort, og vartdalingar i sær, gjorde helst ikkje nordlendingar av seg før år 1900. Fråtrekt dei som ville verte lærar. I og med skulelova av 1860, vart læraryrket ein attraktiv livsveg for evnerik ungdom. Kva gjaldt kvalifiserte lærarar, låg Nord-Noreg enno i fleire tiår tilbake for resten av landet. Utover i 1860-åra søkte nokre få sunnmøringar seg til Tromsø Seminarium, den einaste offentlege lærarskulen i nord. Til dømes vart Ivar Vartdal frå Olagarden Sørevartdal og tre andre sunnmøringar i 1870 dimittert (som det heitte) frå seminaret i Tromsø. Resten av 1870-åra klekte seminaret i Tromsø ut mang ein sunnmøring til arbeid i skulestova. Såleis gjekk Ole Erdal frå Fonnaplassen ut frå seminaret i 1876. I 1884 reiste 18-åringen Mads Olsson Kvien (1866-1954) frå farsgarden i Kvia til Tromsø for utdanne seg til lærar, med økonomisk stønad frå farbroren Peder M. Kvien. Ved avgangseksamen 10. juni 1886 fekk Mads karakteren 1,62 i den teoretiske prøva, og 2,35 i den praktiske prøva. Så å seie alle elevane fekk ein lågare praksiskarakter, enn i teori. Kvien var rangert som nummer 8 av dei 27 seminaristane. Etter ei tid som lærar i Bindal i Nordland, vart seminarist Kvien i februar 1887 tilsett i lærarpost i Balsfjorden skulekrins. Her vart han kjend med bygdekvinna Gudrun Halvorsdotter. Dei gifte seg i 1889. Same året kjøpte Mads eit gardsbruk i Nordkjosbotn, eit bruk han stod som eigar av til 1941, då sonen tok over. Heimen til Gudrun og Mads vart etterkvart fylt av born, elleve i talet. Fire av desse gjorde sunnmøringar av seg: Rolv f. 1896, Kari f. 1901, Per f. 1906 og Anna f. 1910.

Frå kring midten av 1890-talet var Mads formann i skulestyret, i mange år framover. Seinare kom han inn i heradsstyret, treårsbolken 1911-13 var han ordførar i Balsfjord. Partipolitisk sokna han til Venstre. Mads var òg med då Balsfjord Sparebank vart skipa, fungerte som kasserar i banken til ein gong ut på 1930-talet. Og så var han ei tid formann i fattigstyret. Under fyrste verdskrigen var han formann for «Prioteringen», eit verv som kravde skjønsemd og vilje i møte med dei mange krav frå folk i armod. Gjennom heile sitt samfunnsliv i Balsfjord var skule og kristenliv viktige saker for Mads Kvien. Både Bomstad skule og eit bedehus fekk tomt av eigedomen hans i Nordkjosbotn. Frå 1907 var han i tillegg til skulemeister, også kyrkjesongar. Familien flytta då til kyrkjestaden Tennes, litt lenger ute i Balsfjorden. Kyrkja mangla orgel, dermed kom det vel med at han kunne synge. År 1923 flytta Mads og kona tilbake til garden i Nordkjosbotn. Hausten 1945 vitja enkjemannen Mads folket sitt i Vartdal, her vart han verande til ut på vinteren 1946. Han var «en besindig og romslig kar, som overalt hvor han var med, søkte å gjøre det som var mulig for bygdens og det felles beste.» «Han møtte alle med høflighet og respekt, parret med elskverdig menneskelighet.»
Kjelder:
*’’Årbok 2003 for Malangen og Balsfjord’’.
*Nordlys, 19. august 1954.