Meny Lukk

Ein mann (Ola Erdal)

Det er iser ein stad eg uner, fordi der råkar eg ein mann millom bønder; det er i Erdalen til han Ola. Sjeldan hev eg møtt ein slik bonde millom det jamne bygdefolk, upplyst, framsynt, utan bråk og unaturleg tilgjerdsle, men med ein slik ro og stillfred og ein logn smil um augo, at du vert glad i mannen. Kjem du i tale med han, er han so endefram og folkeleg i sitt drøs, med sidespring til humor og koseleg friskleik som sermerkjer den frie upplyste bonden i sine beste manndomsår.

Me hev so evig nok av desse tilgjorde utidige skrøytarar og storbrautatar millom oss, som duperer og hypnotiserer den truskuldige og einfelde med sine høytravande talemåtar og store unotur. Difor er det so mykje meir gildt å råka ein Ola Erdal. Hans interesser femner vidt. Det finst knapt den gode sak til, der de ikkje finn Ola Erdal som den drivande og heilhuga ivrige. Utan skuleupplæring i landsmålet, skriv han sitt norsk so reint og egte som fåe bønder. Ja, endå til engelsk hev han lært seg på eigi hand, og i Erdalen ser du det sersyn at ein bonde held og les engelske tidsskrifter! I avhaldsarbeidet i losja er han den aldri trøytte, men seige strævar. Gjekk det etter hans hovud åleine, var landet vårt turrlagt longo.

Ola Erdal er ein elskar av skogklædde rabbar og rindar. Han plantar; og det gror og veks. Allereide tek ungskogen av gran og fura til å lyfta seg mot sol og himmel, so det svagar og susar. Ja, han Ola hev jamvel vore lukt til Jæderen og fått tak i alperosetre og andre væne sudlendske vokstrar som folk flest står og gaper uppyver. Å – dei gaper og glor; for bak desse buskor og bartre og eviggrøne middelhavsvokstrane er eit merakkels av eit nymotens Paradis; eit te?gjerde av strengnot og jarnstolpar og sterke hengjelås for jarnportane, gjeng kring hagen og stengjer uvedkomande Adamar og Evaor ute. Der inne spring reint, friskt upkomevatn upp or jordi. Og midt i hagen ei borg i miniaturutgåve av stein og cement. Ut og inn av borgi og rundt i kring i hagen spring eit vakkert par av sylvrevar. I elskhugs heite lukkelege sæla leikar dei to seg derinne, og han Ola hev dei beste voner um at denne leiken just skal bera dei dyraste frukter. Paret er nemleg kjøpt for 15.000 – femten tusund – kroner.

Heimen hans Ola Erdal er som eit Breidablik høgt yver sjølve Barstadvik, med Ramoen og Fossetindar i bakgrunnen. Kjem du framand til Erdalen, vert du motteken av den vesle huslyden på den hyggjelegaste måten. Du drøymer deg heime, ja vel so det. Burte i kråi strålar det stillt varme ut i stova, og på komfyren kokar maten utan nokor øydsla av dyrt kol eller ved. Tek du so deg ein tripp ned i kjellaren putrar og purlar den veldige ostepanna, og den store tvora midt i går rundt og rundt. Eller sjå på steikjeomnane der! No segjer ikkje han Ola det, men han kunde segja: Dette er mine hænders gjerningar. Når so kvelden og svarte natti kjem veltande, skruvar du på knappen, og heile huset, tunet tilliks med geite- og kufjøs strålar som eit Soria-Moria slott. So vert du gasterera med rjomegraut, finaste geitost og fyrsterangs «elektrisk mat». Um tora buldra og lyneld slær ned i tindane der uppe; han Ola ottast ikkje, for han er busse med denne veldige magti, so ho lyser og vermer og tener han trutt. Medan folket i bygda let pengane rulla på dyr petroleum og kol og ved i røyk og os og svarte sot, og kvinnfolki arge pustar i varmen og græt yver den råbarka veden sin, og menne [sic] sine. Ola Erdal hev sitt eige ljosverk. Han hev lese og tenkt ut, sjølv arbeidt mykje, sett i saman og lagt inn. Og prøv so um du kann setja han fast med eit spursmål um elektrisiteten. – Bokhylla hans fortel deg du kann ikkje.

I det kommunale liv hev han vore den mannen i bygdi og heradet som hev sett dei beste merke etter seg. Ola Erdal hev vore varaordførar og vore umtala ogso som ordførar. Men millom bønder den dag i dag er det endå så lite samhald og sjølvvyrdnad og so mykje småleg stakarsdom, ja beintfram svartsyn og bakstræv at det er utruleg. Hev dei ein mann millom seg som er eit lite hovud større i dugleik og djervskap, gjeld det mange stader å slå han ned. Det vert gjort av dei som sjølv vil upp, eller som av annan grunn ser med Kains augesteinar mot han. Dinæst kjem agitasjon til i si krasaste form, og endskapen vert til all slutt eit fulltonande: krossfest. Ola Erdal vart kasta til siste heradstyreval. Berre som fyrste varamann kjem han no med. Men kann det vesle heradet og veljarane utan skade stengja ein slik mann ute, so er det merkelegt. Men det må me vona at til næste val må veljarane på Vartdalstrandi bøta sine brot og gjera godt att det som sist vart gjort gale. For so lenge «kunnskap skal styra rike og land» må ikkje den kunnskapsrike, framsynte mannen, bonden haldast utanfor. Elles er det dårleg, veik bondepolitikk. Og i desse dagar trengst ein god, sterk framgangspolitikk millom bønder. Som ein ven av denne bonderørsla som Ola Erdal ogso hev vore med og sett i gong og endå gjev og ofrar mykje på i si kraft og tid, var det eg sakna Ola Erdal sitt namn på lista yver det nyvalde heradsstyret på Vartdalsstrandi.

Ola Erdal er kjend millom sunnmørsbøndene. Han hev halde fyredsrag både på dei store bondestemnone og elles. Han hev huglagt seg eit program i sitt utrøyttande arbeid. Og dette hans program er eit kraftigt, vekkjande; «Fram, bondemenn!» Ja, lukke til då, Ola Erdal og yrkesbrør som stemner den same vegen frametter!

Svein Urædd – i Søndmørsposten av 18. april 1917

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *