Meny Lukk

Folk frå fortida – Rasofiel Årskog

Rasofiel Årskog (1895-1976) var frå Johansgarden/Ivagarden på Årskog. Ein har grunn til å tru at han allereie i ung alder var fiskar om bord i utanbygds havfiskebåtar, om no det var båtar frå Hareid eller Ålesund. Iallfall er det ingenting som tyder på at han hadde fartstid frå Ramoen eller Veidemann. 25 år gammal vart han folketald som «Fisker på stim båt», budde heime på Årskog. I 1926 kjøpte han part i dekksbåten «Isflaamann» og var skipper på eggja-turar til båten vart selt. På 1920-talet var han elles ei tid formann i ungdomslaget i Nøre-Vartdal. Likningsmann i Vartdal herad fyrste gongen i 1926. Seinhaustes 1928 gifta han seg med Jenny Strømmegjerde frå handelsstaden Hammaren i heimbygda. Bryllaupet feira dei på Hotell Sunnmørsheimen på Buholmen i Ålesund, ein serveringsstad som averterte med «Ljose og hyggjelege gjesterom». Ekteparet busette seg i den såkalla Hammar-buda (riven 2021). Nokre åre etter andre verdskrigen fekk bygt nytt hus, eit murhus, med butikk- og postlokale (rive 2020) på motsett side kaivegen. Åra frå 1929 til 1941 vart dei Jenny og Rasofiel foreldre til Jorunn, Johannes, Arnleif og Reidar. På 1950-talet var Rasofiel skipper på Vardehorn og Rundehorn, to fiskebåtar heimehøyrande i Langevåg i Sula, som Johan Melbø var reiar for. (Han var son til den utflytta barstadvikaren Martinus Melbø). I september 1957 leverte Rundehorn 50 tonn med kveite på Brattøra i Trondheim. Skipper Årskog og mannskapet fiska desse kveitene i Strætet, under «svært gode forhold». Sonen Reidar fortalde om ein tur han var fiskar på Rundehorn til dei same farvatna. Under eit rykande uvêr stod far hans til rors heile gudskapte tida. Mat og kaffi fekk han servert ståande ved roret. Buda-Rass, som han vart kalla i heimbygda, slutta truleg sjøen i 1959.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *