Meny Lukk

Folk frå fortida – Elias Henriksson Romestrand

Om Elias Henriksson Romestrand (1821-1888).

Ettermiddagen 25. juni 1852, klokka halv tre, la dampskipet «Prinds Gustav» til kai i Bergen. Rutebåten, som kom den lange vegen frå Hammerfest i Finnmark, hadde, mellom anna folk, med 14 reisande som hadde stige om bord i Ålesund. Ein av desse 14 var «E. Lynge». Mellom dei andre passasjerane frå Ålesund fann ein J.H. Rønneberg, J. Aarflot, ein kjøpmann Rønneberg og kona, «Cand. Holmboe». Dette var folk med makt og mynde i den unge sunnmørsbyen, i motsetnad til Lynge og truleg enkelte andre i reisefylgjet. Vi har god grunn å tru at nemnde E. Lynge var frå Barstadvika. No var det slik at karar frå Vartdal og andre sunnmørsbygder vitja Bergen, gjerne årleg. Men då reiste dei med salsvarer på eigne kjølar. Kva ærend E. Lynge hadde i Noregs mest folkerike by, er ukjent. Sommaren 1852 var Elias Henriksson Lynge frå Larsgarden 30 år gammal. Året etter gifta han seg med odelskvinna Gurine Kristoffersdotter Romestrand (1820-1891) og vart gardbrukar i Ivagarden der. Fyrste bandet av Vartdalssoga trur at Elias var «den fyrste som bruka laksenot på Romestrand», ei flakenot. «Under nota låg ein stor kvitmåla flake. I fjøra bygde dei opp ei gilje. Der sat dei heile dagane og vakta på nota. Når laksen kom over flaken og gjekk inn i nota, såg dei han frå gilja. Så stengde dei att nota med ei snor som gjekk frå nota til gilja, og karane drog snøgt av stad med båten og tok laksen». I åtte år, 1864-71, var Elias medlem i formannskapet i Ulstein herad. Han var elles ein av fire vartdalingar som fekk plass i det fyrste forstandarskapet då Ulstein og Hareid Sparebank vart skipa. Tre born voks opp i heimen til Elias og Gurine. Døtrene Jakobine og Karen vart gardkoner i høvesvis Ivagarden på Årskog og på Eikremshjellen i Sula. Sonen Ivar, fødd 1860, tok over Ivagarden då faren døydde i 1888. På side 720 i andre bandet av Vartdalssoga står det at Elias ein gong såg huldra «kor ho ’for hokrande på hålskine nordyve åkrane’» ved Festøya.

*Prinds Gustav var eit dampskip tilhøyrande Postverket i Norge. Frå 1838 til 1867 gjekk skipet i post- og passasjertrafikk langs norskekysten, fyrste åra frå Trondheim til Tromsø, sidan forlengd til Hammerfest og Bergen. Det var det tredje dampskipet i Norge.