Gurine Aarset (1870-1956) frå Gul’kegarden Sætre var gift 1897 med Ole B. Aarset i Berngarden. I 1891 var ho tenestejente heime i Gul’kegarden, somrane var ho sætertaus på Årsetstøylen, der Gul’kegarden hadde sel og sæterhamning. Frå Ole i 1904 fekk skøyte på farsgarden på Årset, dreiv ekteparet i fleire tiår eit bruk med mjølkekyr og sauer. Berngarden hadde då sæter i Skorgedalen. Til liks med alle kvinnene i hennar generasjon, var Gurine aktiv i Årsetdalens kvinneforeining. Frå 1899 til 1916 vart mor til sju born; Magnhild, Bernt, Ragna, Solveig, Ragnvald, Gyda [Rimstad] og Ragnvald. I 1911 døydde den fyrste Ragnvald fem år gammal av kreft.
