Aarsetdalens frilynde ungdomslag hadde møte sundagskvelden 11. januar [1914]. Møte byrja med song nr. 330. So las Jon Aarset upp «Vaarljos». Etter paa song nr 175. So heldt J. Bjørndal ein tale aat oss um aa skipa eit sogalag. Han fortalde, at Sivert Engeset var den fyrste som kom med tanken um eit sogalag. Folk vart glødde yver tanken og nokre vart valde, som skulde samla samen og skriva ned. Noko vart og skrive; men vart so um inkje. Trudde at R. Aarset hadde skrive det meste. No var det det han vilde, at me skulde taka det uppatt, so me kunde faa ei historisk-samling her i Aarsetdalen. Trudde det var best aa velja nokre, som tok seg av det og fekk gamle folk til aa fortelja. So kunde me faa skrive det inni ei bok, so det ikkje vart gløymt. Trudde me paa den maaten kunde nøra fram kjærleik til folk og land. Vist kan det vera mange, som ikkje er sanne; men me veit, at dei hev livt paa folketunga i hundrad av aar, og daa maa me taka vare paa deim, for det vert ei historisk sanning. Me kann gjennom desse sagni læra aa kjenna folketanken. Nemde fru Inger paa Aastraat og Terje Viken. Var ikkje sikker paa um det verkeleg var ein Terje Viken; men likevel er der noko i fru Inger og Terje, som manar oss upp til strid og arbeid. So var det den største samling Snorre Sturlason kongesaga. Etter me hev lese ei slik bok, veks kjærleiken til landet vaart. Granskarane vaare segjer, at me no liver i ei blaut tid, men lat me lesa saga vaar. Ho manar oss. Me hev mange sagn her i Aarsetdalen, som er reint umissande. Lat me difor samla dei samen, so fær me betre læra deim aa kjenna. Ikkje berre sagn skulde me samla; men skulde vara paa alt. Klædebunaden og matstellet maat[t]e me ikkje setja tilsides. Talaren fortalde so um sin far, kor han sat og fortalde og mana dei til alt som godt var, naar dei skulde ut og prøva livet. Mykje og mange segner hev gjenge i grava her i Aarsetdalen. Fortalde so um ein mann fraa Myklebust, som hadde tvo søner som baae laut til Dannmark, fyrst den eine og so den andre. Faren var krypling, og det er fortalt, at han hadde fjøler under knei, naar han slo. Det var tunge dagar i den tid, og svalt gjorde dei og. Sume døydde av svolt. Det var og ein annan av Myklebust, som laut til Danmark, paa den tid det hadde ufred med England. Naar dei danske trengde hjelp; so tok dei av dei norske gutarne. Denne guten skulde vera so fælande sterk. So var det ein gong, han skulde straffast for noko gale, han hadde gjort. Han var bunden fast til kanona, og so skulde han hava ei viss mengde slag. Det var paa den maaten dei straffa i den tid, at dei skulde hava slag av ein stokk. Trudde at 27 var det meste ein kunde tola. Daa dei so kom og skulde slaa denne guten tok han berre kanona og svinga seg rundt. Daa dei saag kor sterk han var, sa kapteinen, at den norske løva skulde sleppa fri for straff. Broren hans laut og ned til Kjøpenhamn. Klædi var grove og skorne breide, og dei danske spirrevipparne apa honom, so han knapt kunde faa fred. So eingong han og broren gjekk i gata, harmast den sterke løva og tok ein danskje og slengde honom tvert yver gata, og so sa han, at den frosne havra hev laga merg i beini aat dei norske gutar. Fortalde so um husi i gamle dagar. Dei var ikkje so gilde og gode som no. Berre eit rom utan glas og omn. Kaldt og ufyse var det ofte for folki i dei dagar. Ofte laut dei eta berre borkebraud. Nemnde 1836, daa det var eit uaar, og folk laut bruka noko bork i maten. Nemnde og 1855, daa det var so mykje snø, at naar dei pløgde i mai, laut dei skuffa vekk snøen for øyken. Bad so ungdomslaget gjera sit beste, so me fekk ei rik samling av sagn og sanning.
Sigvald Myklebust takka for fyredraget. Solveig Vartdal las so upp ei preika av Støylen. So vart det valde 3 st., som skulde samla samen gamle sagn. Valde vart Elling Aarset, Ragnhild Sætre og Paula Busæt. Ragnhild L. Sætre og Ragnhild J. Sætre vart valde til aa ordna til møte. So vart sunge nr 106.
Kjelde: Referatbok aat Aarsetdalens frilynde ungdomslag.
Protokollen inneheld Referat og Upprit frå møte i laget; mest debattar, sjeldnare foredrag. Tok til 30. mai 1909. Avslutta 1915.