Fyrste søndagen etter nyår 1773 vart tre born døypt i Ørsta-kyrkja. Ei av desse vart innført i kyrkjeboka som «Randi Knudsd. Langstøl». Fire av dei fem fadderane var frå nærliggjande Fyldal, den siste ei kvinne av morsslekta på Follestad. Jenta var elles det niande og siste barnet til Inger Ellingsdotter og Knut Persson Langstøyl (det står ikkje i kyrkjeboka). Vi veit inkje om «Randi» før ho hausten 1791 vart konfirmert som «Rani Knuds. Langstøl – 18 aar». Under folketeljinga vinteren 1801 tente «Rande Knudsdatter Langstøel» kårfolka på Iverhaugen på Follestad. Så er vi framme ved den kjelda som verkeleg interesserer. Den 4. november 1810 skreiv Ola Olsson Øy (1743-1829) eit langt og mykje opplysande brev til sonen Ola som låg ute i krig, ved svenskegrensa i Østfold. I min barndom og ungdom fortalde far min, Sigmund Sætre, eitt og anna som baserte seg på innhaldet i dette brevet. (Venteleg fanst det ei avskrift i Steinagarden Nørevartdal, der mor hans var ifrå.) Her skal refererast det Ola skriv om kvinna som var fødd på Langstøyl, ganske sikkert heilt på tampen av året 1772. «Enkemanden Hans Eliasen Aarset i Aarsetdalen er nu i dag paa Langstølen og forlover sig med pigen Randey Knuddatter Langstøil og i morgen skal hun følge med og flytte til.» Gardmannen Hans i Eljasgarden på Årset var enkjemann med fire små born, då han vart vigd til Randey. Vi veit det ikkje, men kan vere trygge på at dette ekteskapet var arrangert. Hans må ha vore på jakt etter ei kvinne som kunne gå inn i drifta av heim og gard på Årset. Å gåande ugift i fleire år, var jamgodt med utenkjeleg for ein kar med gard å drive og ein barneflokk å fø fram. Fyrstekona Synneve var død i 1809, så ein forstår han har gjeve seg tid før giftarmål vart avtalt, gjennom mellommann, at 37 år gamle «Randey» skulle verte gardkone på Årset. Yngre kvinner i Årsetdalen kan ha vore førespurde om giftarmål, men ein 48 år gammal mann var ikkje det mest attraktive giftet, endå om han var sjølveigar, noko dei færraste vartdalsbøndene i dei dagar var. 21. juli 1814 vart guten Sivert fødd i Eljasgarden. «Randey» fekk kanskje fleire born, men under napoleonskrigane strauk mange nyfødde med, særleg naudsåra 1812 og -13. Eim merkar seg elles at Hans sikra framtida til Randei då han i 1812 «fekk tinglyst eit gåvebrev… på 1/2 mellag jord i Årset». Ho vart enkje i 1839 og levde sidan av grøda frå jordbota Hans fekk tinglyst. «Randi» døydde 17. desember 1859 og vart lagt i grav på Hareid kyrkjegard tre dagar seinare.
Underskrivne trur, og meiner, at denne kvinna heitte Rannei, og ikkje Randi. Prestane på 17-1800-talet kom frå ein dansk skriftkultur. Uvane med norske lokale talemål, normerte dei ofte «ukjende» namn i samsvar med eige ordtilfang og namnkunne. Av dei som har skriftfest det aktuelle namnet, festar eg mest med Ola Olsson Øy sitt «Randey». Han hadde den lokale kunnskapen, og var samstundes minst smitta av dansk språkpraksis. Eg merkar meg også at ho som vart kalla opp etter Randi, vart døypt Ragnhild. På 1800-talet var dei nokso nøgne på at den oppkalla skulle ha same namn som personen som vart kalla opp. I Sunnmøre var Rannei-namnet heilt opplagt kome i «vanry» på 1800-talet. Det kan ein ikkje sjå at namnet Randi hadde, så det var ingen god grunn for at ekteparet Sivert, son til Rannei, og Karen i Steinagarden Nørevartdal skulle gje eine dottera namnet Ragnhild, den seinare JoPe-Ragnhild på Årskog. Rannei-namnet overlevde andre stader i Noreg, mellom anna i dei indre fjordbygdene på Vestlandet og Nordmøre, og i fjellbygder austpå. Kor som er, det arrangerte giftarmålet mellom Hans og Rannei måtte til om hundrevis av seinare vartdalingar skulle ha vorte til.